Ledige stillinger

Ringevikar i barnehagene SØR for Hå kommune

Hå kommune

4368 VARHAUG

.

Ringevikar i barnehagene SØR

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Hå kommune har fire barnehagar sør i kommunen (Askeladden, Måken, Stokkalandsmarka og Vigrestad barnehage) som har behov for vikarer på timebasis. Ferieavvikling, sjukefråvær og liknande gjer at me treng fleire dyktige personar å spela på.

Som ringevikar vil du stå på ei felles liste for desse fire barnehagane, og alle fire kan kontakta deg ved behov. Fint om du oppgjer i søknaden om du søkjer i alle barnehagane, eller kva for ein barnehage du ønskjer å arbeide i.

Politiattest


Politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding i stilling.

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du har vansker med det.

Søknadsfrist: 31.12.18

Arbeidsgiver: Hå kommune

Sted: Opplæring og kultur

Hentet fra: Kommuner-Visma-Vest

Referansenummer: dmz-04.ha.kommune.no/recruitment/opening?0?3740

Se annonse

Stillingsnummer: 1119-2018-08-36 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: NAV Servicesenter

Medium: Webcrawl

employer: Hå kommune

job_industry: [Fritid, Barnehage, og grunnskole]

job_function: Barnehageassistent

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere