Ledige stillinger

Ringevikar i barnehagene på Varhaug for Hå kommune

Hå kommune

4368 VARHAUG

.

Ringevikar i barnehagene på Varhaug

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Hå kommune har tre barnehagar på Varhaug;

Lensmannsgarden barnehage, Trekløveren barnehage og Varhaug idrettsbarnehage

Me har behov for gode vikarar me kan ringa til ved behov. Nokre gonger for eit par timer, andre gonger for lengre engasjement. Som ringevikar vil du stå på ei liste til alle tre barnehagane og me tek kontakt etter behov. Dersom du ynskjer å berre stå på ein eller to barnehagar si liste må du gje beskjed om det i søknaden.

Kvalifikasjonar


Me ynskjer personer som ser barna, er sensitive, fleksible og leikande. Du må kunne stille opp på kort varsel og samarbeide med grunnbemanninga. Som vikar går du inn i dei arbeidsoppgåvene som det er behov for. Du må ha eit godt norsk munnleg språk.

Politiattest


Politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du har vansker med det.

Søknadsfrist: 31.12.18

Arbeidsgiver: Hå kommune

Sted: Opplæring og kultur

Hentet fra: Kommuner-Visma-Vest

Referansenummer: dmz-04.ha.kommune.no/recruitment/opening?0?3744

Se annonse

Stillingsnummer: 1119-2018-08-38 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: NAV Servicesenter

Medium: Webcrawl

employer: Hå kommune

job_industry: [Fritid, Barnehage, og grunnskole]

job_function: Barnehageassistent

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere