Ledige stillinger

Teiknspråktolk / lærar Varhaug skule for Hå kommune

Hå kommune

4368 VARHAUG

.

Teiknspråktolk / lærar Varhaug skule

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Varhaug skule har eit ledig vikariat som teiknspråktolk/lærar med teiknspråkkompetanse. Stillinga er knytt til ein elev med vedtak heimla i opplæringslova § 2-6.

Varhaug skule har visjonen «Me løfter kvarandre». Dette forpliktar. Me ønskjer å løfta alle 480 elevane og 70 tilsette. For å få dette til har me hjelpeomgrepa relasjon, læring og ambisjon. Personen me søkjer, må dela denne innstillinga. For at me skal klara og løfta kvarandre, må me byggja på gode relasjonar, byggja læringa på dette og ha ambisjonar om at alle kan koma langt.

Arbeidsoppgåver


Tolka og følgja opp elev i klasse, undervisning i faget teiknspråk og kanskje noko fjernundervisning.

Me søkjer ein kollega som

  • har eleven i fokus
  • er fagleg sterk
  • legg vekt på relasjonar
  • har gode leiareigenskapar
  • er løysingsorientert
  • er offentleg godkjent tolk for hørselshemma/godkjent pedagogisk utdanning med minst 30 stp vidareutdanning i teiknspråk

Anna relevant utdanning eller erfaring kan og vere aktuelt. Attestar og vitnemål tas med til intervju.

Me tilbyr

  • kjekke og positive elevar
  • kjekke og positive vaksne
  • eit godt fagmiljø
  • eit positivt arbeidsmiljø
  • engasjerte vaksne
  • ein skule i utvikling

Politiattest


Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på seks månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad kan sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.

Søknadsfrist: 31.12.18

Arbeidsgiver: Hå kommune

Sted: Opplæring og kultur

Hentet fra: Kommuner-Visma-Vest

Referansenummer: dmz-04.ha.kommune.no/recruitment/opening?0?3452

Se annonse

Stillingsnummer: 1119-2018-09-14 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: NAV Servicesenter

Medium: Webcrawl

employer: Hå kommune

job_industry: [Instruktører og pedagoger]

job_function: Tegnspråkkonsulent

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere