Ledige stillinger

Barne- og ungdomsarbeidar Stokkalandsmarka barnehage for STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

4362 VIGRESTAD

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Barne- og ungdomsarbeidar Stokkalandsmarka barnehage

I Stokkalandsmarka barnehage har vi ledig eit 60% vikariat frå 1.1.2019 til 30.6.2019.

Stokkalandsmarka barnehage er ein 7 avdelings barnehage som ligg i Stokkalandsmarka på Vigrestad. Vi har gode turmuligheter og brukar nærmiljøet dagleg til turar. Vi har fokus på vaksenrolla, leik og sosial kompetanse.

Vi søkjer

  • personar som har erfaring frå barnehage
  • er gode på samarbeid
  • er tydelege og lyttande
  • engasjerte og byr på seg sjølv
  • tek ansvar og er sjølvstendig
  • ynskjer å vera med å utvikla barnehagen

Kvalifikasjoner

  • personar som er utdanna barne-og ungdomsarbeidarar

Politiattest


Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vansker med innlogging.

Se annonse

Stillingsnummer: 1119-2018-12-3 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

job_industry: [Videregående skole, Fritid, Barnehage, og grunnskole]

job_function: Barne- og ungdomsarbeider

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere