Ledige stillinger

Morsmålslærar i tyrkisk, Språkstasjonen for barn for Hå kommune

Hå kommune

4360 VARHAUG

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Morsmålslærar i tyrkisk, Språkstasjonen for barn

Språkstasjonen for barn har ledig eit 10 % vikariat som morsmålslærar i tyrkisk i perioden 1.1.2019 til 31.6.2019.

Elevane på språkstasjonen kjem frå heile kommunen fem dagar i veka for å få grunnleggande norskkunnskap før dei skal tilbake til heimeskulane sine. Språkstasjonen ligg under Nærbø Ungdomsskule. Det er ei avdeling som driv med særskild norskundervisning for rundt 25 elevar i grunnskulealder.

Kvalifikasjoner


Undervisningskompetanse, gjerne med fordjuping i norsk som andrespråk og interkulturell kompetanse. Utdanning i tyrkisk språk og norskkompetanse tilsvarande B1 nivå.

Personlige egenskaper


Engasjement for minoritetsspråklege barn
Ønske om å bidra aktivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet for å oppnå gode resultat
Evne til omstilling og fleksibilitet
Gode samarbeidsevner

Politiattest


Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vansker med det.

Se annonse

Stillingsnummer: 1119-2018-12-5 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Hå kommune

job_industry: [Barnehage, og grunnskole]

job_function: Allmennlærer (grunnskolen)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere