Ledige stillinger

Helsefagarbeider ved nattpatruljen for HÅ KOMMUNE HELSE- OG SOSIALADMINISTRASJON

HÅ KOMMUNE HELSE- OG SOSIALADMINISTRASJON

4360 VARHAUG

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Helsefagarbeider ved nattpatruljen

Nattpatruljen innafor helse og sosial søkjer helsefagarbeidar: 16,9% stilling fast kvar 3. helg.
Stillinga har vakter natt til lørdag og søndag, ikkje til måndag. Dette gjer at ein ikkje går meir enn to vakter om gongen, og stillinga kan kombinerast med skulegang eller anna arbeid.

Nattpatruljen har heile kommunen som sitt ansvarsområde, og hjelper dei som bur i eigen heim. Det er fleire nattevakter på jobb kvar natt. Arbeidet gjer ein stundom i lag med andre og andre gonger åleine.

Kvalifikasjonar


Me søker deg som:
  • er utdanna helsefagarbeidar / hjelpepleiar / omsorgsarbeidar, sjukepleierstudentar kan og søka
  • har førarkort klasse B
  • har gode norskkunnkaper, både munnleg og skriftleg
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta, og trivs med arbeid på natt
  • kan forhalde deg til vedtak og tildelt tid, samstundes som du kan ta faglege vurderingar om situasjonen krev det
  • er positiv til andre, glad i å arbeida, og vektlegg å samarbeida godt med andre
  • har eit personleg engasjement for brukergruppa, og som ynskjer å arbeide med heimetenester
  • liker å arbeide i eit skiftande tempo, og tilpassa arbeidsmåten etter det

Vi tilbyr

  • ein triveleg arbeidsplass med god dekning av fagutdanna personale
  • moglegheit for fagleg utvikling
  • gode ordningar for vidareutdanning og kompetansehevande tiltak
  • variert brukergruppe og stor variasjon i arbeidsoppgåver
  • arbeid i ei teneste som er under stor utvikling, og som har spennande tider føre seg

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Politiattest


Gyldig politiattest, nyare enn tre månader, må leverast før tiltreding.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vansker med innlogging.

Se annonse

Stillingsnummer: 1119-2018-12-7 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: HÅ KOMMUNE HELSE- OG SOSIALADMINISTRASJON

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Helsefagarbeider

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere