Ledige stillinger

Lagleiar ved Ogna skule for Hå kommune

Hå kommune

4360 VARHAUG

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Lagleiar ved Ogna skule

Ogna skule har frå 1.8.2019 ein fast 100% stilling som lagleiar. Stillinga utgjer ca. 30% leiing og 70% undervisning. Lagleiaren vil ha ansvaret for 1.- 4. trinn og SFO.

Ogna skule er ein skule med 250 elevar frå 1. til 10. klasse. Lagleiaren inngår i utviklingsgruppa for skulen saman med lagleiarane for 5.- 7. og 8.- 10. trinn, rektor og tillitsvald.

Kvalifikasjoner

  • pedagogisk utdanning
  • kunne samarbeide og skape eit positivt arbeidsmiljø
  • er oppteken av å ha gode strukturar og gode prosessar
  • kunne arbeide systematisk over tid
  • Attestar og vitnemål tas med til intervju.

Politiattest


Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1119-2019-01-11 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Hå kommune

job_industry: [Ledelse, administrasjon og rådgivning, Videregående skole, Universitet og høgskole, Barnehage, og grunnskole]

job_function: Leder (undervisning)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere