Ledige stillinger

Lærarstillingar frå august 2019 for Hå kommune

Hå kommune

4360 VARHAUG

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Lærarstillingar frå august 2019

Velkommen som søkjar til skulane i Hå kommune. Me er ein del av Jærskulen og søkjer lærarar som vil vera med på ei spanande framtid der fagleg fokus, læring og utvikling i eit kollegialt fellesskap er målet. Det vil verta ledige stillingar for lærarar i grunnskulen, faste og vikariat, frå 1.8.2019.

I dag har me til saman 9 skular. Me har to skular med berre ungdomstrinn, ein skule med 1. – 4. klasse, ein skule med 5. – 10. klasse, ein skule med 1. – 10. klasse og fire skular med 1. – 7. klasse. Dei fleste skulane ligg i kort avstand til jernbanen.

Hå kommune satsar på ei teknologisk utvikling. Alle elevane vil arbeida med Chromebook som verktøy i læringsarbeidet.

Kvalifikasjonar


Me søkjer grunnskulelærarar som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar. Personleg engasjement, kreativitet og utviklingslyst er viktige eigenskapar som vi ønskjer hos våre medarbeidarar. Dersom du vil vera med i utviklinga av innhald, arbeidsmåtar og organisering av skule, er Hå ein spanande kommune å arbeida i.

Kommunen har eit omfattande program for kompetanseutvikling og har gode stipendordningar.

Søkjarar som ønskjer deltidsstilling må oppgje ønskja stillingsprosent. Ønskje med omsyn til fag og skule kan takast med i søknaden. For meir informasjon: www.ha.no, så «Barnehage/Skule», deretter «Skule».

Politiattest


Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1119-2019-01-13 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Hå kommune

job_industry: [Barnehage, og grunnskole]

job_function: Allmennlærer (grunnskolen)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere