Ledige stillinger

Ringevikar i barnehagene SØR for Hå kommune

Hå kommune

4360 VARHAUG

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Ringevikar i barnehagene SØR

Hå kommune har fleire barnehagar i søre delen, deriblant Askeladden barnehage på Brusand, Måken Barnehage i Sirevåg, Vigrestad Barnehage og Stokkalandsmarka barnehage på Vigrestad.

Me treng gode vikarar me kan ringa til ved behov. Nokre gonger for eit par timer, andre gonger for lengre engasjement. Som ringevikar vil du stå på ei barnehage ei liste der alle barnehagane kan ta kontakt med deg etter behov. Dersom du ynskjer å vera vikar kun i den eine barnehagen er det fint om du skriv det i søknaden.

Kvalifikasjoner


Vi ser etter deg som:
  • ser kvart enkelt barn
  • er pliktoppfyllande og presis
  • er sensitiv, fleksibel
  • kan leika med barna
  • kan stille opp på varsel
  • kan samarbeide med personalet
  • har eit godt norsk munnleg språk

Kjennetegner desse punktene deg, er du hjartelig velkommen til å søka. Dersom vi kaller deg inn som vikar går du inn i dei arbeidsoppgåvene som det er behov for.
  • Attestat og vitnemål tas med til intervju.

Politiattest


Politiattest nyere enn tre måneder må leveres før oppstart i stillingen.

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt på lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1119-2019-01-34 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Hå kommune

job_industry: [Fritid, Barnehage, og grunnskole]

job_function: Barnehageassistent

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere