Ledige stillinger

Teiknspråktolk/lærar med teiknspråkkompetanse for Hå kommune

Hå kommune

4360 VARHAUG

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, har vel fungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er: Me løfter i lag. Våre verdiar er: Open, driftig og stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med både vår visjon og våre verdiar!

Teiknspråktolk/lærar med teiknspråkkompetanse

Varhaug skule har ledig to faste stillingar (totalt 130%) som teiknspråktolk / lærar med teiknspråkkompetanse frå 1.8.2019. Stillingane er knytt til ein elev med vedtak heimla i opplæringslova § 2-6.

Visjonen vår «Me løfter kvarandre» forpliktar. Me ønskjer å løfta alle 515 elevane og dei 70 tilsette. Skulen nyttar omgrepa
relasjon-læring-ambisjon i arbeidet. Personane me søkjer må dela denne innstillinga. For å kunna løfte kvarandre må me skapa gode relasjonar, byggje læringa på dette og ha ambisjonar om at alle kan vera den beste versjonen av seg sjølve.

Arbeidsoppgåver


Arbeidsoppgåver vil blant anna vere å tolke / følgje opp elev i klasse, undervisning i faget teiknspråk, noko fjernundervisning og samarbeida med lærarane.

Kvalifikasjoner


Ein som har eleven i fokus
Er fagleg sterk
Legg vekt på relasjonar
Har gode leiareigenskapar
Er løysingsorientert
Er offentleg godkjent tolk for hørselshemma / godkjent pedagogisk utdanning med minst 30 stp vidareutdanning i
teiknspråk
Anna relevant utdanning og / eller erfaring kan og vere aktuelt

Søkarar som ikkje har norsk som sitt morsmål, må kunne godt norsk både skrifteleg og munnleg.
*Attestar og vitnemål tas med til intervju.

Politiattest


Politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Vi tilbyr


Kjekke og positive elevar
Kjekke og positive vaksne
Eit positivt arbeidsmiljø
Engasjerte vaksne
Ein skule i utvikling

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1119-2019-04-40 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Hå kommune

job_industry: [Instruktører og pedagoger]

job_function: Tegnspråkkonsulent

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere