Ledige stillinger

Sjukepleiar ved heimetjenesten Nærbø for Hå kommune

Hå kommune

4360 VARHAUG

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Sjukepleiar ved heimetjenesten Nærbø

Innafor tenesteområde helse og sosial, ved heimesjukepleien på Nærbø, er ledig fast stilling for sjukepleiar: 80 – 100% stilling, dag-/ kveldsvakter og med arbeid kvar tredje helg.

Heimesjukepleien er ein del av heimetenesta på Nærbø, saman med dagavdeling og heimehjelp. Me dekker heile Nærbø, frå Refsnes via Rimestad til Risa og har nå 130 stk som mottek tenester. Me er omlag 30 tilsette, og har eigne nattevakter som dekker heile kommunen. Som sjukepleiar hjå oss vil du oppleva at du stort sett har andre sjukepleiarar med deg på vakt, og at dekninga av fagfolk er god. Hå kommune har gode lønsvilkår for sjukepleiarar. Me arbeider saman med resten av kommunen etter visjonen vår: «Me løfter i lag», som betyr at me hjelper kvarandre og vil andre vel. Enten du er nyutdanna eller erfaren sjukepleiar på jakt etter noko nytt, – velkommen som søkar!

Kvalifikasjonar

  • er utdanna sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • har gode norskkunnkaper, både munnleg og skriftleg
  • har førerkort klasse B

Personlege eigenskaper

  • kan arbeide sjølvstendig og målretta
  • kan forhalde deg til vedtak og tildelt tid, samstundes som du kan ta faglege vurderingar om situasjonen krev det
  • er positiv til andre, glad i å arbeida, og vektlegg å samarbeida godt med andre
  • har eit personleg engasjement for brukergruppa, og som ynskjer å arbeide med heimetenester
  • liker å arbeide i eit skiftande tempo, og tilpassa arbeidsmåten etter det

Me tilbyr

  • ein triveleg arbeidsplass med god sjukepleiardekning
  • moglegheit for fagleg utvikling
  • gode lønsvilkår
  • variert brukergruppe og stor variasjon i arbeidsoppgåver
  • arbeid i ei teneste som er under stor utvikling, og som har spennande tider føre seg

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Jonas Egeland Reime, tlf 415 32 785.

Politiattest


Politiattest nyere enn tre måneder må leveres før oppstart i stillingen.

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad


Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no viss du har problem med innlogginga.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1119-2019-08-14 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Hå kommune

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Oversykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere