Ledige stillinger

Teiknspråklærar ved Varhaug skule for Varhaug skule

Varhaug skule

4360 VARHAUG

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Teiknspråklærar ved Varhaug skule

Varhaug skule har ledig ein 50% stilling som teiknspråklærar. Stillinga er knytt til ein elev med vedtak heimla i opplæringslova §2-6.

Visjonen vår «Me løfter kvarandre» forpliktar. Me ønskjer å løfta alle dei 519 elevane og dei 70 tilsette. Skulen nyttar omgrepa relasjon-læring-ambisjon i arbeidet. Personen me søkjer må dela denne innstillinga. For å kunne løfte kvarandre må me skapa gode relasjonar, byggje læring på dette og ha ambisjonar om at alle kan vera den beste versjonen av seg sjølve.

Arbeidsoppgåver


Følgje opp eleven si teiknspråksutvikling og utvida eleven sitt teiknvokabular. Dette i nært samarbeid med teiknspråktolk og kontaktlærar.

Kvalifikasjonar


Pedagogisk utdanning med minst 30 stp vidareutdanning i teiknspråk
Har eleven i fokus
Er fagleg sterk
Legg vekt på relasjonar
Har gode leiareigenskapar
Er løysingsorientert

Attester og vitnemål tas med til intervju.

Søkjarar som ikkje har norsk som sitt morsmål må kunne godt norsk både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr


Kjekke og positive elevar
Kjekke og positive vaksne
Eit positivt arbeidsmiljø
Engasjerte vaksne
Ein skule i utvikling

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling.Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1119-2019-09-16 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Varhaug skule

job_industry: [Tolk og oversetter]

job_function: Døvetolk

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere