Ledige stillinger

Prosjektleiarar kommunalteknikk for Hå kommune

Hå kommune

4352 KLEPPE

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, har vel fungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er: Me løfter i lag. Våre verdiar er: Open, driftig og stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med både vår visjon og våre verdiar!

Prosjektleiarar kommunalteknikk

Hå kommune har ledig to faste 100% stillingar som prosjektleiarar ved kommunalteknisk avdeling frå 1. februar 2019.

Kommunalteknikk i Hå kommune er organisert under ‘Tekniske saker og næring’, med ei utbyggingsavdeling som har ansvaret for utbygging av veg, vatn og avløp. Utbyggingsavdelinga består av fire stillingar.

Arbeidsoppgåver

  • prosjekt- og byggeleiing av større og mindre kommunaltekniske anlegg
  • oppfylging av rådgivarar
  • økonomistyring
  • andre oppgåver innafor avdelinga sitt ansvarsområde kan også verta tillagt stillinga

Hå kommune skal blant anna utføra store flomsikringsprosjekt av Vigrestad, Varhaug og Nærbø og ny hovudvassleidning på Varhaug.

Kvalifikasjonar


Vi søkjer personar med ingeniørutdanning, gode IKT-kunnskapar, gjerne med erfaring frå ISY prosjektstyringsverktøy og erfaring frå dei kommunaltekniske fagområda. Du bør vera serviceinnstilt, utåtvent, samfunnsengasjert, strukturert og med gode samarbeidsevner.

Vi har som mål å styrkja kompetansen innafor fagområdet veg, difor er det ynskjeleg med god kompetanse på veg på den eine av dei to ledige stillingane. Lang erfaring innafor fagområda kan erstatta formell utdanning. Søkjarar må ha førarkort min. klasse B.

Hå kommune tilbyr konkurransedyktig lønn etter avtale.
  • Attestar og vitnemål tas med til intervju.

Tilsetjingsvilkår


Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast


Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har problemer med innlogging.

Se annonse

Stillingsnummer: 1120-2018-11-46 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Hå kommune

job_industry: [Bygg og anlegg]

job_function: Operatør (vann- og avløpsrør)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere