Ledige stillinger

Vi søkjer pedagogiske leiarar til Klepp kommune for KLEPP KOMMUNE FRIVILLIGHETSSENTRAL

KLEPP KOMMUNE FRIVILLIGHETSSENTRAL

4352 KLEPPE


Telefon: +47 452 47 348




E-post:

anita.hisdal.rosland@klepp.kommune.no



Web:

https://kommune24-7.no/1120/bruker?retur=/1120/703101&shortname=703101


Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km. sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgste staden og ligg 102 m.o.h.

Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som nett har passert 19.200 innbyggjarar. Vi har eit rikt organisasjons- og kulturliv. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger Lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.

Vi søkjer pedagogiske leiarar til Klepp kommune

I Klepp kommune sine barnehagar er det ledige stillingar som pedagogiske leiarar. Det er 14 kommunale barnehagar i Klepp og alle arbeider for den autoriative vaksenstilen som betyr at alle barn skal møta tydelige og varme vaksne. Me utdanner tilsette til MarteMeo-praktikarar for å styrka relasjonsbygging og auka kvaliteten på lærings-og utviklingsmiljøet.

Klepp kommune satsar på tverrfagleg samhandling, mangfald og inkludering og tett samarbeid med foreldra. Me er også opptatt av eit godt språkmiljø og gode føresetnader for bruk av digitale vertøy.

Vi søkjer etter pedagogiske leirar til barnehagane i Klepp

Me treng vaksne som kan

  • byggja relasjonar
  • følgja, benevna og bekrefta barnet
  • sjå og annerkjenna tankar og følelsar
  • gi rom for barns medverknad og virke i eigen kvardag
  • vera gode rollemodellar og møte mangfald med respekt og omsorg
  • vera engasjerte, nyfikne, kreative og leikande saman med barn
  • jobba for eit inkluderande miljø og motverka mobbing
  • leggja vekt på humor og glede
  • tenkja at dette er verdens viktigaste jobb

Er du
  • positiv, sjølvstendig og kan ta eigne avgjersler?
  • er du god til å samarbeida og jobba i team?
  • har du evne til å lytta, og dela erfaringar?
  • har du godkjendt barnehagelærar- eller førskulelærarutdanning?
  • har du gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (jf Barnehageloven § 18a)?

Då ynskjer med deg som ny pedagogisk leiar hos oss.

Stillinga er under kommunale vilkår. Dei som blir tilbudt stilling må fremleggje politiattest, jf. Barnehageloven § 19, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.

Oversikt over barnehagar som har ledige stillingar:

Orstad naturbarnehage, 2 faste 100 % stillingar fom 01.08.19. For meir info, gå inn på www.minbarnehage.no/orstadbhg

Kleppe friluftsbarnehage, 1 fast 100 % stilling fom 01.08.19. For meir info, gå inn på www.kleppbhg.no

Vasshus barnehage, 1 fast 100 % stilling fom 01.08.19. For meir info, gå inn på www.minbarnehage.no/vasshus

Orre barnehage, 1 fast 100 % stilling fom 01.04.19. For meir info, gå inn på www.minbarnehage.no/orre

Borsheim barnehage, 1 vikarstilling i 100 % fom 01.08.19 tom 31.07.20. For meir info, gå inn på www.minbarnehage.no/borsheim

Det kan også bli aktuelle ledige stillingar i nokre av dei andre barnehagane i Klepp kommune.

Merk gjerne søknaden kva for ein barnehage som er aktuell for deg.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-01-71 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Finn

employer: KLEPP KOMMUNE FRIVILLIGHETSSENTRAL

job_industry: [Barnehage, og grunnskole]

job_function: Pedagogisk leder (førskolelærer)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere