Ledige stillinger

Vi søkjer PPT-rådgjevar til Klepp kommune for KLEPP KOMMUNE FRIVILLIGHETSSENTRAL

KLEPP KOMMUNE FRIVILLIGHETSSENTRAL

OLAV HÅLANDS VEG 1
4352 KLEPPE


Telefon: +47 959 12 656




E-post:

jorunn.rosselang@klepp.kommune.no



Web:

https://kommune24-7.no/1120/bruker?retur=/1120/703101&shortname=703101


Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km. sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgste staden og ligg 102 m.o.h.

Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som nett har passert 19.200 innbyggjarar. Vi har eit rikt organisasjons- og kulturliv. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger Lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.

Vi søkjer PPT-rådgjevar til Klepp kommune

Arbeidsområdet for pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er å hjelpe barn, unge og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. PPT skal også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særskilte behov. PPT er kommunen sin sakkunnige instans i å forvalte rettar som er nedfelt i Opplæringslova og Barnehagelova. PPT bidreg med kompetanse og organisasjonsutvikling i skule og barnehage

Me har 2 faste stillingar og 1 årsvikraiat. Til den eine faste stillinga er det ynskeleg med logopedutdanning.

Kommunen er oppteke av heilskapstenking kring barn og unge, og tverrfagelg fokus er derfor sentralt i arbeidet.

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing til skular og barnehagar
  • Systemretta og tverrfagleg arbeid
  • Sakkunnige tilrådinger
  • Rådgjeving til elevar og føresette

Kvalifikasjonar:
  • Høgare utdanning på master/hovudfagsnivå (evt. påbegynt masterstudie) i relevant fag (spesialpedagogikk, pedagog, psykisk helse, psyologi)
  • Erfaring frå arbeid i PPT eller skule, med kunnskap om spesialpedagogisk arbeid og tilpassa opplæring
  • Erfaring frå rettleiing, tverrfagleg arbeid og kompetanseutvikling
  • Kjennskap til barn og unge med læringsutfordringar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Relevant test- og utredningskompetanse
  • Må disponere eigen bil

Personlege eigenskapar:
  • Fleksibel innstilling med vilje til å tenke alternativt
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Oppteken av tverrfagleg arbeid
  • Gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet
  • Oppteken av samanhengen mellom teori og praksis
  • Personleg egnethet

Vi tilbyr:
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit fagleg fellesskap
  • Spennande utviklingsarbeid kor du får vera med å påverka internt i PPT og i kommunen generelt
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid

Stillinga er under kommunale vilkår. Dei som blir tilbudt stilling må fremleggje politiattest, jf. opplæringsloven § 10-9 første og andreledd og arnehageloven § 19, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-02-9 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Finn

employer: KLEPP KOMMUNE FRIVILLIGHETSSENTRAL

job_industry: [Instruktører og pedagoger, Videregående skole, Universitet og høgskole, Barnehage, og grunnskole]

job_function: Spesialpedagog

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere