Ledige stillinger

Vil du vera med å starta og utvikla tenestekontoret i omsorg for TIME KOMMUNE OMSORG ADMINISTRASJON

TIME KOMMUNE OMSORG ADMINISTRASJON

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Vil du vera med å starta og utvikla tenestekontoret i omsorg

Om arbeidsplassen


Time kommune har oppretta tenestekontor og søkjer nå etter deg som har fokus på tverrfagleg samarbeid, og som brenn for kvalitet i saksbehandlinga. Tenestekontoret fattar vedtak etter helse- og omsorgstenesteloven, pasient- og brukerrettighetsloven for pleie- og omsorgstenester, psykisk helsetenester og tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Me skal behandla alle søknader om omsorgstenester i Time kommune og koordinera tenestetilbodet. Den nye verksemda vil vera i drift frå mai 2019. Tenestekontoret skal ha ei sentral rolle i organisasjonen.

Me søkjer etter sjukepleiar i fast 100% stilling.

Me tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass med brei tverrfagleg kompetanse som satsar på tidleg innsats, innovasjon,
    velferdsteknologi, kvalitet og har brukaren i sentrum
  • Å delta i nybrotsarbeid i Time kommune
  • Gode pensjonsordninger
  • Idretts- og fritidsrelaterte aktivitetsgrupper og bedriftskunstforeining

Om arbeidsoppgåvene i tenestekontoret

  • Saksbehandla søknadar etter Lov om helse- og omsorgstenester
  • Koordinera og samordna tenester med fokus på brukar sine behov
  • Kartlegga og vurdera brukar sin funksjon, ressursar og hjelpebehov
  • Førebyggjande heimebesøk
  • Gje informasjon og rettleiing til brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Oppfølging av rammeavtaler og tilsynsbesøk på eksterne brukarplassar som kommunen kjøper
  • Vera med å utvikla og samarbeide tett med interne og eksterne samarbeidspartnar
  • Behandla klagesaker
  • Andre oppgåver kan og verta tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie
  • Det er eit ønske med vidareutdanning innan geriatri eller anna relevant utdanning
  • God kunnskap og erfaring innan saksbehandling etter Lov om helse- og omsorgstenester
  • Du må meistra å handtera samansette oppgåver, og vera sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Det vert lagt vekt på at du er eigna til stillinga
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Andre krav

  • For tilsetjing i omsorg er det krav om politiattest
  • Du må ha førarkort for bil

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-03-15 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: TIME KOMMUNE OMSORG ADMINISTRASJON

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Sykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere