Ledige stillinger

He du futt å fræs??? for Time kulturskule

Time kulturskule

4340 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

He du futt å fræs???

Bryne skulekorps søker etter ny dirigent frå hausten 2019.

Me har per i dag 45 musikantar i alderen 8 til 19 år og er det største korpset i kommunen. Me har janitsjarbesetning og øver på torsdagar frå kl. 16.45-1730 (aspirant/juniorkorps) og 17.45 til 19.45 (seniorkorps).

Me har eit tett samarbeid med Time kulturskule. Musikantene får individuell instrumentopplæring dei to fyrste åra. Fleire av musikantane deltek òg på NMF sine sommarkurs.

Me ynskjer å utvikle oss og bli betre og søker etter ein ny dirigent som kan inspirere og begeistre – kanskje med eit spesielt fokus på medlemmane i alderen 13+?
Me deltek i Rogalandsmesterskapet og har dei siste åra veksla mellom 3. og 4. divisjon.
Elles spelar me fast på nasjonaldagen og opninga til Kulturskuleveka, og forsøker elles å visa oss fram i lokalmiljøet gjennom mindre konsertar, korpsfestivalar og speleoppdrag.
Me har to helgeseminar i året og reiser alltid på sommartur anten innanlands eller utenlands.

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
  • Resultat og referansar frå eventuelle tidlegare korps.
  • Relevant musikalsk og pedagogisk erfaring i arbeid med barn og unge
  • Erfaring og personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
  • Dirigenten må kunne tilpassa musikk og arrangement til korpset, slik at alle musikantane har utfordringar etter nivå
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:
  • Sjølvstendig og løysningsorientert
  • Evne til å inspirere og begeistre
  • Ynskje om og glede av å arbeide med barn og unge
  • Kreativ og initiativrik

Arbeidsoppgåver:
  • Musikalsk leiing av korpset
  • Faste øvingar, deltaking på helgeseminar og konsertar
  • Val av repertoar, deltaking i planlegging av aktivitetar og konsertar
  • Ansvar for korpset si musikalske utvikling
  • Det er eit ynskje at dirigenten deltek på styremøter
  • Dirigenten deltek på fellesmøter i Time kulturskule

Me tilbyr:
  • godt samarbeid med eit aktivt styre
  • å bli del av eit kreativt og aktivt kollegie i Time kulturskule
  • bli del av korpsseksjon i Time kulturskule
  • tverrfagleg samarbeid

Kontaktpersoner;
Mette Thorsen, leiar Bryne skulekorps, tlf 91889612

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-03-25 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kulturskule

job_industry: [Musikk/lyd, foto og video]

job_function: Skolekorpsdirigent

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere