Ledige stillinger

Nattavdelingssjukepleiar for TIME KOMMUNE SIVDAMSENTERET BUFELLES

TIME KOMMUNE SIVDAMSENTERET BUFELLES

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Nattavdelingssjukepleiar

Det er ledig vikariat som nattavdelingssjukepleiar i heimetenesta frå d.d. til august 2020. Stillinga er på 50 %. Arbeidstida er frå kl. 22 på kvelden fram til 7.45 dagen etter. Nattpatruljen dekkjer brukarane av heimesjukepleietenesta i heile kommunen.

Me kan tilby


eit godt arbeidsmiljø med utfordrande arbeidsoppgåver. Slik turnusen er lagt opp er det to sjukepleiarar på jobb kvar
natt i nattpatruljen.

Om arbeidsplassen


Nattpatruljen sin base er på Sivdamsenteret på Bryne. Det kan og bli aktuelt med nattevakter på Kvernaland
omsorgssenter.

Avdelinga arbeider systematisk i forhold til fagleg utvikling, og heimetenesta har mellom anna stort fokus på
førebygging av underernæring, tidleg innsats, kvardagsrehabilitering og implementering av velferdsteknologi.
Heimetenesta har eit prosjekt innan HMS, og dei tilsette er tett involvert i dette.

Kvalifikasjonar


Me har fokus på dokumentasjon, og den som vert tilsett må kunne nytta tilgjengelige IKT-verktøy.
Søkjar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar. Vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som trives med faglege
utfordingar og kan arbeide sjølvstendig.

Andre krav


I heimetenesta må du ha sertifikat for bil.
Gode norskkunnskapar – både muntleg og skriftleg.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-03-29 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

employer: TIME KOMMUNE SIVDAMSENTERET BUFELLES

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Oversykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere