Ledige stillinger

Sjukepleiarar til Vardheia omsorgsbolig for TIME KOMMUNE VARDHEIA BUFELLESSKAP

TIME KOMMUNE VARDHEIA BUFELLESSKAP

4340 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sjukepleiarar til Vardheia omsorgsbolig

Me søkjer


I Vardheia omsorgsbolig har me ledig 100% sjukepleiar stillingar med arbeid kvar 4. helg med
langvakter. Me søkjer sjukepleiarar med sterk sjukepleiefagleg kompetanse, som ønskjer fagleg utvikling og likar varierte utfordringar.

Me tilbyr


Ein givande jobb i eit godt arbeidsmiljø med moglegheit til eiga personleg utvikling.

Om arbeidsplassen


Vardheia er ein del av miljøtenesta i kommunen og gjer heildøgns- teneste til 6 brukarar i alderen 19-68 år. Det er 27 årsverk knytta opp mot avdelinga.

I Vardheia jobbar me aktivt for å gi brukarane best muleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte, med fokus på sjølvbestemmelse og fellesskap i samarbeid med pårørande.

Me jobbar for å halde eit høgt fagleg nivå, og har etiske refleksjonssamlingar. Dette gjer oss meir bevisste på kvifor me gjer som me gjer, og minner oss på at me alltid skal ha brukaranes beste i fokus.

Eit positivt arbeidsmiljø med respekt for kvarandre er viktig. Me skal gjera kvarandre gode og er opptatt av at alle skal trives på jobb. Slik gjer me også ein betre jobb for brukarane våre.

Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukermedverknad. Miljøtenesta i Time kommune har eigen fagutviklar, som har fokus på kompetanse, brukarsikkerheit og kvalitet. Avdelinga samarbeidar tett med spesialisthelsetenesta og fastlegane.

Avdelinga ligg 5 minutt gå-avstand frå togstasjonen på Bryne.

Om arbeidsoppgåvene

  • du har ansvar for helsefaglege observasjonar, tiltak og oppfølging av brukarar.
  • du har ansvar for å veilede kollegaer i sjukepleiefaglege prosedyrar og rutinar.
  • du må kunne samarbeida med pårørande og sikre at brukermedverknad ivaretas.
  • du må kunne arbeida både sjølvstendig og i team.
  • du bidrar til å sikra forsvarlig pleie- og omsorgstjenestar, og at oppgåver utføres i tråd med kvalitetskrav og lovverk.
  • du sørgjer for at nødvendige rutinar og prosedyrar er utarbeid og oppdatert.
  • du er med og bidrar til at me beheld eit godt arbeidsmiljø.
  • du likar utfordrande arbeidsoppgåver med spesielt fokus på miljøarbeid og aktivitet for våre brukarar.
  • det inngår i stillinga at du har primærkontakt-ansvar, medisinansvar og sikrar eit godt samarbeid med fastlege, spesialisthelsetjenesta etc.

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gode datakunnskapar
  • interesse for å arbeida med oppfølging av somatiske sjukdommar hos personar med utviklingshemning
  • sterk sjukepleiefagleg kompetanse
  • fagleg og personleg eignetheit blir vektlagt
  • autoriserte vernepleiarar med god kunnskap om somatisk helse kan også søkje

Andre krav


Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2.
Det er krav om politiattest ved tilsetting.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-03-31 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: TIME KOMMUNE VARDHEIA BUFELLESSKAP

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Sykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere