Ledige stillinger

Sjukepleiar i 100 % stilling ved heimetenesta for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sjukepleiar i 100 % stilling ved heimetenesta

Det er ledig vikariat som sjukepleiar i heimetenesta, Aust, frå 6.6.19 til 6.12.19 med moglegheit for forlenging/fast tilsetting. Stillinga er på 100 %. Arbeidstida er i 2 delt turnus, dag og kveld, og med arbeid kvar 3. helg.

Me kan tilby

  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • utfordrande arbeidsoppgåver og ein variert arbeidskvardag

Om arbeidsplassen


Heimetenesta Aust har sin base på Sivdamsenteret på Bryne.

Avdelinga arbeider systematisk i forhold til fagleg utvikling, og heimetenesta har mellom anna stort fokus på
førebygging av underernæring, tidleg innsats, kvardagsrehabilitering og implementering av velferdsteknologi.

Kvalifikasjonar


Me har fokus på dokumentasjon, og den som vert tilsett må kunne nytta tilgjengelige IKT-verktøy.
Søkjar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar. Me ønskjer engasjerte medarbeidarar som trives med faglege utfordingar og kan arbeide sjølvstendig.

Andre krav


I heimetenesta må du ha sertifikat for bil.
Gode norskkunnskapar – både muntleg og skriftleg.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-03-32 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Sykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere