Ledige stillinger

Pedagogisk leiar Trollongane barnehage for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Pedagogisk leiar Trollongane barnehage

Me søkjer


Pedagogisk leiar i 100% fast stilling frå 01.08.19

Om arbeidsplassen


Me ligg nær Bryne sentrum i eit flott nytt bygg, med lyse gode rom og masser av plass. Saman skal me veksa og utvikla oss frå ein barnehage med omtrent 50 barn til ein barnehage med 100 barn. Trollongane barnehage er ein god barnehage med eit godt arbeidsmiljø, med både kvinner og menn. Me er opptekne av leik og realfag. Saman med barna vil me utforska og undras over naturen, mattematikken og andre realfagelege spørsmål. Me skal delta i prosjektet «inkluderande barnehage- og skulemiljø»

Kvalifikasjonar

  • Du må ha godkjenning som barnehagelærar
  • Du har gode samarbeidsevner og du ser og forstår heilskapen
  • Du er ansvarsbevist, løysningsfokusert, idérik og fleksibel

Andre krav


Det er krav om politiattest

Me tilbyr


Rettleiing og oppfølging av deg som ny i barnehagen. Kommunale tilsettingsvilkår og pensjonsordning

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-03-92 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Barnehage, og grunnskole]

job_function: Pedagogisk leder (førskolelærer)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere