Ledige stillinger

Lærarar, sjå her! Fortsatt ledige stillinger i Time kommune! for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Lærarar, sjå her! Fortsatt ledige stillinger i Time kommune!

Hognestad skule 1.-7.trinn

Me treng ein lærar i 100% fast stilling. Stillinga vil neste skuleår vera knytt til småsteget, og det er ønskeleg at søkjer har erfaring som kontaktlærar. Vidare har me særlig behov for kompetanse innan programmering/koding og IKT generelt, for å koordinera iPad/PC for elevar og lærar.
Ta kontakt med rektor Lone Lunde, mobil 90818453, lone.lunde@time.kommune.no

Frøyland ungdomsskule

Me treng ein lærar i 80% vikariat i frå hausten av. Me er spesielt på jakt etter norsk og engelsk, men tysk og kroppsøving kan vera aktuelle fag. Interesse for programmering/koding og IKT-kompetanse for å koordinere ipad/pc for elevar og lærar er ønskeleg. Har du erfaring som kontaktlærar eller faglærar, så vil dette vera ein fordel.
Ta gjerne kontakt med rektor Siri Endresen, mobil 41437427, epost: siri.endresen@time.kommune.no

Bryne ungdomsskule

Vikariat i 100% med eit eller fleire av desse faga: musikk, norsk, spansk, matematikk.
Kontakt Elsa Djuve Jerstad, mobil 48 05 76 45 elsa.djuve.jerstad@time.kommune.no

Undheim skule 1.-10.trinn

Me søkjer etter ein lærar i 100% fast stilling på ungdomstrinnet og ein faglærar i 100 % vikariat i 3.-9.trinn for skuleåret 2019/2020.
Me har behov for matematikk, engelsk, tysk, kunst & handverk, programmering/koding og IKT-kompetanse for å koordinere ipad/pc for elevar og lærar.
Ønskeleg med erfaring som kontaktlærar/faglærar.
Ta kontakt med rektor Jorunn Hauff, mobil 45220737, jorunn.hauff@time.kommune.no

Andre krav


Det er krav om politiattest for tilsetting i stillinga.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-04-13 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Barnehage, og grunnskole]

job_function: Allmennlærer (grunnskolen)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere