Ledige stillinger

Diakon i Time – 100 % fast stilling for TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

Erlandsbakken 6
4340 BRYNE

Den norske kyrkja i Time utgjer Bryne, Time og Undheim sokn. Det bur om lag 19.000 innbyggjarar i Time kommune. Felles kyrkjekontor er lagt til Bryne, som er skule- og handelssenter på Jæren. Staben ved Time kyrkjekontor utgjer ca. 20 stillingar

Diakon i Time – 100 % fast stilling

Vi har ledig 100% fast stilling som diakon og søkjer etter ein person som kan leie det diakonale arbeidet i dei tre sokna på ein god måte i åra framover. Det er eit godt etablert diakonalt arbeid i Time, og vi ønskjer at du som får jobben bygger vidare på dette, samstundes som du er nytenkande og framoverlent i møte med behova i lokalsamfunnet. Ein nøkkel i dette er frivilligheit. Ei av hovudoppgåvene dine vil vere å utvikle team av frivillige som kan bidra inn i dei diakonale satsingsområda. Du vil òg vere ein pådrivar for å sette retning på det diakonale arbeidet saman med dei tre sokneråda. Diakonen samarbeider med diakoniutvala og omsorgstenesta, samt diakonane på Sandnes og Jæren.

Arbeidsoppgåver


Arbeidet består mellom anna av:
  • Strategisk arbeid med diakoniplan
  • Styrking av frivillig engasjement, arbeidsgrupper med frivillige
  • Sorgarbeid
  • Arbeid for einsame/besøksteneste
  • Samlivsarbeid
  • Utadretta diakoniarbeid
  • Fellesskapsbygging
  • Arbeid for eldre
  • Arbeid med menneske med utviklingshemming
  • Arbeid med flyktningar
  • Institusjonsandaktar

Kvalifikasjonar (overskrift)


Personlege eigenskapar:
  • Strukturert og strategisk
  • Gode leiareigenskapar og evne til å rekruttere og bygge opp frivillige team
  • Utadvendt og kontaktskapande
  • God samtalepartnar og sjelesørgar
  • Kan møte mennesker i sorg og krise på ein omsorgsfull og klok måte

Kvalifikasjonar:
  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • Utdanning i samsvar med tenesteordning for diakonar er ein fordel
  • Relevant arbeidserfaring
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
  • Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja

Vi tilbyr:
Lønn i tråd med KAs hovudtariffavtale
Medlemsskap i KLP
Særs triveleg stabsfellesskap på kyrkjekontoret
Oppstart etter avtale

Spørsmål vedr. stillinga kan rettast til kyrkjeverje Gunnar Bjorland Stone
Tlf: 51 77 03 77 ¿ mob: 962 32 582 ¿ mail: gunnar.stone@timekyrkja.no

Kontaktinformasjon


Gunnar Bjorland Stone, 962 32 582

Arbeidsstad


Erlandsbakken 6
4340 Bryne

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:


Arbeidsgivar:Time kyrkjelege fellesråd

Referansenummer:4061212503
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 06.05.2019PAM

Stillingsnummer: 1120-2019-04-25 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

employer: TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

job_industry: [Religiøst arbeid]

job_function: Diakon

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere