Ledige stillinger

Avdelingsleiar ved miljøtenesta for TIME KOMMUNE FOREN

TIME KOMMUNE FOREN

GAMLE ÅSLANDSVEGEN 23
4355 KVERNALAND


Telefon: +47 51 77 62 52





Web:

https://rekruttering.time.kommune.no/recruitment/opening?0


Avdelingsleiar ved miljøtenesta

Me søkjer avdelingsleiar for Foren burettslag, 100 % stilling.

Foren burettslag er eit bufellesskap med heildøgnsteneste for sju flotte ungdommar, som har engasjerte foreldre og tilsette. Foren opna i februar 2018 og har allereie hausta byggeskikkpris. I tillegg det vore fleire besøk frå andre kommunar og bruker – grupper, som bruker dette i sitt arbeid. Universell utforming, brukermedverknad og velferdsteknologi er stikkord for tenesta. Burettslaget ligg på Kvernaland. Avdelingsleiar er ein del av leiargruppa i miljøtenesta og rapporterar til verksemdsleiar.

Me leitar etter deg som har ein inspirerande og tydeleg leiarstil, og er opptatt av kommunen sin visjon som er trygg og framtidsretta. Leiarkjenneteikna i Time kommune er mellom anna å vera ein synleg og tydeleg leiar. Du likar å vera tett på verksemda, er til stades og tilgjengeleg for dine tilsette. Du vil arbeida minst 20% i drifta. Du vil etablera god kontakt med næraste leiar, brukarane og deira pårørande, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartar.

Me tilbyr



  • Ein spennande arbeidsplass som satsar på kompetanse, innovasjon, kvalitet og tenesteutvikling


  • Nettverk med andre leiarar


  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar

Sentrale oppgåver er blant anna:


  • Leggja til rette for god og effektiv tenesteproduksjon


  • Administrativt og økonomisk ansvar for avdelinga


  • Vera tett på i HMS-arbeid og oppfølging av sjukefråvær


  • Sikra oppfølging av mål og politiske vedtak

Kvalifikasjonar


  • Du har bachelor i helse og sosialfag


  • Du har brei erfaring med å arbeida med denne målgruppa


  • Du bør ha leiarutdanning, men relevant erfaring kan kompensera for dette


  • Du tenkjer heilheit, forankrar, involverer og delegerer


  • Du er fagleg engasjert og utviklingsorientert


  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner


  • Det vert lagt vekt på at du er eigna til stillinga

Andre krav

For tilsetjing i miljøtenesta er det krav om politiattest. Du må også ha sertifikat for bil.

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-04-28 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Finn

employer: TIME KOMMUNE FOREN

job_industry: [Sosial-, omsorgs- og fritidsarbeid]

job_function: Avdelingssosionom

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere