Ledige stillinger

Sjukepleiar / vernpleiarar til Bryneheimen for Time kommune

Time kommune

Hognestadvegen
4344 BRYNE


Telefon: +47 977 40 218





Web:

https://rekruttering.time.kommune.no/recruitment/opening?1


«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sjukepleiar / vernpleiarar til Bryneheimen

Me har ledig ein 70 % og ein 100 % fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar. Me oppfordrar sjukepleiarar med spesialutdanning innan eldereomsorg å søkje.

Me treng sjukepleiarar/vernepleiarar som ønskjer høg grad av fagleg utvikling og som likar varierte utfordringar.

Om arbeidsplassen

Bryneheimen ligg i Bryne sentrum med gangavstand fra togstasjonen. Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukermedverknad. Institusjonane i Time kommune har eigen fagutviklar, som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet.

Me tilbyr



  • ein spanande arbeidsplass


  • variert arbeidsplass med moglegheit for fleksibilitet i arbeidstid, stillingsstorleik og fagleg oppdatering


  • samarbeid, kompetanse og kvalitet


  • gode stipendordningar om du tenkjer på vidareutdanning


  • godt arbeidsmiljø med fokus på det sosiale


  • bedriftsidrettslag og bedriftskunstforeining

Om arbeidsoppgåvene


  • Som norsk autorisert sjukepleiar / vernepleiar må du meistre norsk språk munnleg og skriftleg ( tilsvarende B2).


  • Det er viktig at du kan samarbeida med pårørande og oppmuntra til brukermedverknad.


  • Samarbeida tverrfagleg og gi veiledning.


  • Dokumentasjon er viktig, derfor må du ha gode datakunnskapa.


  • Du må lika å arbeida både sjølvstendig og i team.


  • Ha god innsikt, tryggleik og engasjement for sjukepleiarfaga.


  • At du liker utfordrande arbeidsoppgåver med spesiell fokus på miljøarbeid og aktivitet for våre pasientar.

Kvalifikasjonar


  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar


  • Det er nødvendig at du har gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg


  • Dokumentasjon er viktig, derfor må du ha gode datakunnskaper


  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst


  • Er fleksibel og strukturert


  • Har god fagleg innsikt og tryggheit


  • Kunne delegere og prioritere


  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner


  • At du er positiv og har engasjement for sjukepleiaryrket


  • Personleg egnetheit vil bli vektlagt

Andre krav


  • Søkjarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikke har fullført norskspråklig videregåande skole, må minimum ha fått bestått på Bergenstesten, eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedlegges intervjuet


  • Politiattest

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-04-54 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Finn

employer: Time kommune

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Oversykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere