Ledige stillinger

Helsefagarbeidar i miljøtenesta for KLEPP KOMMUNE PEDER KROHNSVEG 27 BU

KLEPP KOMMUNE PEDER KROHNSVEG 27 BU

4352 KLEPPE


Telefon: 92817647





Web:

https://kommune24-7.no/1120/bruker?retur=%2f1120%2f703101&shortname=703101


Miljøtenesta i Klepp har 7 basar som gir tenester til menneske med varierande grad av utviklingshemming. Stillingane er knytta opp mot kvar sine personalbasar.

Basen i P. Krohnsveg 27 gir tenester til 19 personar der 8 bur i nærleiken av basen og får døgnteneste. Personane har forskjellig funksjonsnivå, nokre har 2:1 bemanning, nokre 1:1 og andre 1:2. Dei nytter dagtilbod som dagsenter, skule eller forskjellige arbeidsstader. På kveldstid vert dei fulgte på fritidsaktivitetar, har besøk av familie eller har ein roleg kveld heime. Brukarmedverknad står sentralt i tenestetilbodet.

Helsefagarbeidar i miljøtenesta

Personalet i basen har god erfaring og har tileigna seg god kompetanse innafor utfordrande adferd, TMA, skriving og oppfølging av tvangsvedtak. I tillegg vert det bygd kompetanse ift alternativ kommunikasjon og håndtering av epilepsi. Det samarbeides tett med pårørande, fastlegar, nevrologar, ergoterapeutar, HAVO, SSE m.fl. Det er over 50 personar med forskjellig bakgrunn og utdanning som har basen som sin faste arbeidsplass.

Arbeidet føregår i hovudsak heime hos tenestesmottakar og mykje av arbeidstida vert brukt sjølvstendig. Det kan til tider vare eit hektisk arbeidsmiljø, men her er mykje rom for fag og personleg utvikling.

Ledig vikariat frå 01.07.19 – 21.08.20

Arbeidsoppgåver

Oppfølging av mennesker med ulik grad av funksjonshemming. Dette inkluderer bl.a.

  • gi helse og omsorgstenester
  • miljøarbeid
  • dokumentasjon
  • ev. primær- og sekundærkontaktoppgåver
  • veiledningsansvar
  • kontakt med pårørande eller andre samarbeidspartnarar
  • tilrettelegge for brukarmedverknad

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-04-9 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Selvregistrert av arbeidsgiver

employer: KLEPP KOMMUNE PEDER KROHNSVEG 27 BU

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Helsefagarbeider

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere