Ledige stillinger

Sjukepleiarar m/spesialutdanning til korttids- og rehabiliteringsavdelinga for Sivdamheimen

Sivdamheimen

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sjukepleiarar m/spesialutdanning til korttids- og rehabiliteringsavdelinga

Me søkjer


Sjukepleiar i 100% fast stilling evt vikariat med spesialutdanning innen geriatri og psykiatri, men sjukepleiarar med
autorisasjon kan også med fordel søkje. Det er også ledig 50 % avdelingssjukepleiar, natt.

Oppstart etter avtale.

Om arbeidsplassen


Institusjonen Sivdamheimen i Bryne sentrum består av rehabiliteringsavdeling med 20 plasser og demensavdeling med 21 plasser. og er tilknytta fast institusjonslege.

Har du interesse i rehabilitering ? då kan ein stilling hos oss vera den utfordring du søkjer.

Du får være med å utvikla eit godt tverrfagleg miljø, i samarbeid med fysio/ ergo, institusjonslege, kreftkoordinator og
heimesjukepleie. Institusjonen i Time kommune har dessuten tilsett fagutviklar som har spesiell fokus på kompetanse, pasientsikkerhet og tenestekvalitet.
Avdelinga kan tilby eit spennende og utfordrande arbeidsdager der ingen dag er lik. Det er eit godt kollega miljø der ein hjelper og støtter kvarandre.

Vårt fokus er retta mot pasientane der rehabilitering, brukarmedverknad, omsorg og livsglede er viktig.
Som tilsett ved institusjonen Sivdamheimen er ein også ansatt i Time kommune. Kommunen har som
verdigrunnlag » me skal gjera kvarandre gode» som støtter opp om verdiane; Ansvar, engasjement og gjensidig respekt.

Om arbeidsoppgåvene


» Sjukepleiefaglege oppgaver
» Samarbeid med pårørande
» Tverrfagleg samarbeid og veiledning
» Dokumentasjon
» Sammarbeid med spesialisthelsetenesta og andre kommunale tenester.

Kvalifikasjonar


» Autorisert sjukepleiar
» Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande B2)
» Interesse for rehabilitering er ønskjeleg

Eigenskapar


» At du kan arbeida sjølvstendig og er ansvarsbevisst
» Er fleksibel og strukturert
» Har god fagleg innsikt og trygghet
» Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
» At du er positiv og har engasjement for sjukepleiaryrket
» Personleg egnetheit vil bli vektlagt

Me tilbyr


» Fokus på fagleg utvikling og kompetanse
» Godt arbeidsmiljlø med fokus på fag og kvalitet
» Utfordrande arbeidsoppgåver

Andre krav


Som norsk autorisert sjukepleiar må du meistre norsk språk munnleg og skriftleg. Søkjarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikke har fullført norskspråkleg vidaregående skule, må minimum ha godt bestått på Bergenstesten, eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedlegges til intervjuet..

Det er krav om politiattest.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-05-40 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Sivdamheimen

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Spesialsykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere