Ledige stillinger

Kyrkjemusikar/organist i Time og Lye 50 % fast stilling frå 01.01.2020 for TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

Erlandsbakken 6
4340 BRYNE

Den norske kyrkja i Time utgjer Bryne, Time og Undheim sokn. Det bur om lag 19.000 innbyggjarar i Time kommune. Felles kyrkjekontor er lagt til Bryne, som er skule- og handelssenter på Jæren. Staben ved Time kyrkjekontor utgjer ca. 20 stillingar

Kyrkjemusikar/organist i Time og Lye 50 % fast stilling frå 01.01.2020

Presentasjon av stillingen:
Vår gode organist dei siste 25 åra går ved årsskiftet av med pensjon. Vi får difor ledig 50% fast stilling som kyrkjemusikar/organist i Time sokn. Soknet har gudstenester kvar sundag, vekselvis i Time og Lye, og ekstra i høgtider. Du som får jobben vil ha ansvar for det musikalske arbeidet i soknet, og vil saman med stab og frivillige vere ei viktig brikke for å bygge kyrkjelydsarbeidet i Time og Lye. Sjølv om ditt hovudfokus vil vere det musikalske er ein viktig suksessfaktor at staben jobbar saman og bidrar på tvers av tenesteområde. Saman med stab og frivillige vil du få moglegheit til å peike retning for det musikalske arbeidet, med mål om at fleire vil finne sin plass i kyrkjelyden.

Arbeidet består mellom anna av:

  • Speling på gudstenester, 3 av 4 sundagar i månaden
  • Speling ved gravferder og vigslar
  • Planlegging av gudstenester saman med gudstenesteutval
  • Koordinering av det musikalske arbeidet i soknet
  • Rekruttering og leiing av frivillige
  • Eventuelt oppstart av band, kor eller liknande etter avtale

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Relevant musikalsk utdanning
  • Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • Må kunne beherske orgel
  • God på samarbeid, kommunikasjon og relasjon
  • Sjølvgåande og ansvarsbevisst
  • Strategisk og strukturert
  • Evne til, og ønskje om, å lære seg nye ting
  • Den som søkjer må vere medlem av Den norske kyrkja

Vi tilbyr:

  • Lønn i tråd med KAs hovudtariffavtale
  • Medlemsskap i KLP Særs triveleg stabsfellesskap på kyrkjekontoret
  • Nåde for synder og fred uten like

Kontaktinformasjon


Gunnar Bjorland Stone, 962 32 582, gunnar.stone@timekyrkja.no

Arbeidsstad


Erlandsbakken 6
4340 Bryne

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:


Arbeidsgivar:Time kyrkjelege fellesråd

Referansenummer:4079004041
Stillingsprosent: 50%
Startdato: 01.01.2020
Søknadsfrist: 15.06.2019PAM

Stillingsnummer: 1120-2019-05-53 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

employer: TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

job_industry: [Musikk/lyd, foto og video, Underholdning, scene og teater]

job_function: Musiker

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere