Ledige stillinger

Danselærar for Time kulturskule

Time kulturskule

4340 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Danselærar

Om arbeidsplassen


Time kulturskule er ein kulturskule med ca 540 elevar fordelt på fagretningane musikk, dans, teater, kunstfag og
skapande skriving. Vi har hovudbase på Bryne. Kulturskulen har tett samarbeid med alle fem skulekorps i kommunen
og dei som har sitt arbeid i skulekorpsa er tilsette i kulturskulen. Alle skulekorpsa har eige styre som står for all drift av
skulekorpset. Kulturskulen har 24 tilsette der alle bidreg til eit kreativt og godt arbeidsmiljø.

Me søkjer


danselærar som kan undervisa i jazzdans og ballett for yngre elevar.
Undervisningsstad blir på Bryne og Frøyland.
Dette er eit vikariat, men kan verta fast stilling.
Me søkjer etter deg som er dedikert for dans og opplæring av barn i ulik alder.
Du må ha erfaring med barn og like å jobbe med barn.
Du må vera ansvarsbevisst, kunne samarbeide godt, både med den andre danselæraren og tverrfagleg med andre lærarar i kulturskulen.
Me kan tilby ein aktiv kulturskule med dyktige og kreative kollegaer, mange spennande prosjekt og eigne danseførestillingar.

Kvalifikasjonar


Minimum bachelor innan fagfeltet.

Andre krav


Der er krav om politiattest.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-05-59 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kulturskule

job_industry: [Underholdning, scene og teater]

job_function: Dansepedagog

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere