Ledige stillinger

Dagleg leiar i Undheim sokn for TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

Erlandsbakken 6
4340 BRYNE

Undheim sokn omfattar Undheim skulekrins i Time kommune. Bygda har om lag 1200 innbyggjarar. I kyrkja som vart innvigd i 2011, er det stor aktivitet for alle aldersgrupper. Det er gudstenester annankvar søndag med eit godt frammøte. Undheim har eigen prest i 100% stilling. Soknet har felles kontor med Time og Bryne sokn og kyrkjeverje sentralt i Bryne-byen. Staben ved Time kyrkjekontor utgjer omlag 20 stillingar.

Dagleg leiar i Undheim sokn

Org. nr: 976 993 616 Stillingsident: 4093082599 Presentasjon av stillingen:
Då noverande dagleg leiar går over i ny stilling internt blir stillinga som dagleg leiar i Undheim ledig frå 01.10.2019. Vi søker etter ein strukturert, nytenkande og engasjert person som saman med stab og sokneråd kan vere med å gjere kyrkja til eit naturleg samlingspunkt for Undheimsbygda. Du som søker må trivast med mange ballar i lufta og kunne handtere både administrativt arbeid og arbeid med menneske. Du må vere ein tydeleg leiar som evner å engasjere dei tilsette og frivillige i kyrkjelyden. Som dagleg leiar vil du få arbeide i ein kyrkjelyd som brenn for bygda si og kyrkja på Undheim. Visjonen til Undheim kyrkje er <<Ein stad å møta nye venner, søkja Gud og få del i oppdraget>>.

Arbeidsoppgaver


Arbeids- og ansvarsområde
    • Legga til rette for soknerådet sitt arbeid ved å:
      • organisera og marknadsføre den daglege aktiviteten i Undheim kyrkjelyd.
      • fylgja opp plan- og kyrkjelydsarbeid
      • rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar
      • dagleg ansvar for kyrkjelyden sin økonomi
      • førebu saker for soknerådet, vera sekretær under møta og fylgja opp vedtak
      1. Leia personalet og dei frivillige medarbeidarane ut frå soknerådet sine mål, retningslinjer gitt av kyrkjeverje/fellesråd og gjeldande lover og reglar.


      Vi ønsker at du som søker
      • har eit ønskje om at flest mogleg skal bli kjent med Jesus
      • har utdanning innan personalleiing og/eller økonomiske- eller administrative fag
      • gode leiar-, samarbeids-, og kommunikasjonsevner
      • kjennskap til kyrkjeleg administrasjon eller anna offentleg forvaltningerfaring kan kompensera for utdanning
      • erfaring kan kompensere for utdanning
      • personlege eigenskapar vil bli vektlagd.

      Vi tilbyr


      • ein spanande jobb i eit positivt og særs triveleg stabsfellesskap


      • lønn etter avtale og i samsvar med KA sin hovudtariffavtale


      • pensjonsordning i KLP

        Søker må vera medlem i Den norske kyrkja.
        For meir informasjon, ta kontakt med kyrkjeverje Gunnar Bjorland Stone tlf 962 32 582 eller soknerådsleiar Hanne Brit Sandsmark tlf 996 26 157.

      Kontaktinformasjon


      Gunnar Bjorland Stone, 962 32 582

      Arbeidssted


      Erlandsbakken 6
      4340 Bryne

      Søk på stillingen:Klikk her

      Nøkkelinformasjon:


      Arbeidsgiver:Time kyrkjelege fellesråd

      Referansenr.:4093082599
      Stillingsprosent: 50%
      Søknadsfrist: 21.07.2019 PAM

Stillingsnummer: 1120-2019-06-11 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

employer: TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

job_industry: [Ledelse, administrasjon og rådgivning]

job_function: Daglig leder (privat virksomhet)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere