Ledige stillinger

Rådgjevar for kommunikasjon og digitalisering for Klepp kommune

Klepp kommune

Solavegen 1
4352 KLEPPE


Telefon: 91761653




E-post:

anja.kleppe.lyngra@klepp.kommune.no



Web:

https://kommune24-7.no/1120/bruker?retur=%2f1120%2f703101&shortname=703101


Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.

Rådgjevar for kommunikasjon og digitalisering

Klepp kommune ønskjer å styrke satsinga si på digitalisering og kommunikasjon, og vil i samband med dette tilsetta ein rådgjevar som kan være med å vidareutvikla dette. Målet er å sikra gode kommunikasjonsflater og å styrka dei innbyggjarretta digitale tenestene.

Klepp kommune ønskjer å tilby fleksible og effektive tenester der innbyggjarar lett kan komme i kontakt med rett person i kommunen og få løyst oppgåvene sine på best mogleg måte. Klepp kommune er allerede godt på veg i digitaliseringsarbeidet og ønskjer no ett auka fokus på dei innbyggjarnære tilboda som til dømes nettside, sosiale medier, min side løysing og digitale skjema.

I samband med dette arbeidet treng me ein motivert og engasjert rådgjevar som brenn for gode brukaropplevelsar. Rådgjevaren vil få ei sentral rolle i vidareutvikling av kommunens kommunikasjonsplattformer og digitalisering av tenestetilbodet vårt. I ein overgangsperiode vil rådgjevaren ha drifts og utviklingsansvar for ekspedisjonen på rådhuset.

Rådgjevaren vil ha digitaliseringssjefen som sin næraste overordna.

Arbeidsoppgåver:

· Kommunisere på vegne av Klepp kommunen i aktuelle kanaler

· Administrere og videreutvikle kommunens kommunikasjonsplattformer

· Bidra aktivt i løpande kommunikasjonsoppgåver

· Pådrivar for digitalisering av innbyggjarretta tenester

· Bidra til å utvikla innbyggjartenester og mottak for framtida

· Ha ansvar for aktuelle system og nasjonale fellesprosjekt som <<Min side>>

· Drifte ekspedisjonen på rådhuset og bidra i arbeidet med å vidareutvikle denne

· Bidra til dialog med og medverknad frå innbyggjarane i kommunen

· Bistå med kommunikasjonsfaglege råd i beredskapssammenheng

Me ønskjer ein rådgjevar som vil vera med å utvikle Klepp kommune til ein framtidsretta og dynamisk kommune som gjev innbyggjarane best mogleg service. Rådgjevaren vil ha ei aktiv rolle i digitaliserings og kommunikasjonsarbeidet i kommunen og i stor grad få være på med å påvirke dette.

Me kan tilby

· Ei spennande og utfordrande stilling på eit felt i rask utvikling

· Store moglegheiter til å kunne vidareutvikle Klepp kommune på desse felta

· Tilsettings og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtalar

· Løn etter avtale

· Medlemskap i pensjonsordninga KLP med 2% innskot

Krav til kompetanse

· Relevant høgare utdanning

· Erfaring frå kommunikasjon- og/eller servicearbeid

· Erfaring med utvikling og administrering av kommunikasjonsverktøy

Personlige egenskaper

· Service-, utviklings- og løsningsorientert

· Innovativ og motivert

· Samarbeidsvillig og engasjert

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-06-6 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Selvregistrert av arbeidsgiver

employer: Klepp kommune

job_industry: [Informasjons- og kommunikasjonsteknologi, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi]

job_function: IT-rådgiver

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere