Ledige stillinger

Familierettleiar for TIME KOMMUNE BARNEVERNSTENESTE

TIME KOMMUNE BARNEVERNSTENESTE

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Familierettleiar

Me søkjer


Familierettleiar i fast stilling frå 01.10.19 ved interkommunal tiltaksavdeling for barneverntenesta.

Om arbeidsplassen


Jærkommunane Time, Klepp og Hå har ein felles tiltaksavdeling for barneverntenesta i dei 3 kommunane. Tiltaksavdelinga er organisert under tenesteområdet oppvekst i Time kommune og er ei avdeling under barneverntenesta. Avdelinga driv tiltak etter lov om barneverntjenester § 4-4. Arbeidet består i å gje rettelingstiltak retta mot barn, ungdom og foreldre. Tiltaksavdelinga består av 6 familierettleiarar og fagleiar.

Om arbeidsoppgåvene


Praktisk rettleiing og opplæring: Korleis få til nødvendig endring i kvardagen til barna/familiane.
Foreldrerettleiing: Korleis foreldra kan forstå og støtte barnet i ei god utvikling.
Samtaler og praktisk rettleiing med større barn/ungdom om korleis dei kan få det betre.
Samarbeid med andre instansar. Delta i fagutvikling og kompetanseheving.
Det må påreknas ettermiddag og kveldsarbeid 2 kveldar i veka.

Kvalifikasjonar


Helse og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning, minimum bachelograd.
Metodisk foreldrerettleiings-kompetanse er ønskeleg
Eksempelvis:
  • Familieterapeut
  • PMTO terapeut
  • Marte Meo terapeut
  • PCIT sertifisering
  • COS eller utvida
  • Andre spesifikke foreldreveileiar program kan vurderast
  • Arbeidserfaring frå miljøterapi/rettleiing er ønskeleg
  • Arbeidserfaring frå barneverntenesta er ønskeleg
  • Ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vera reflektert og visa respekt i møte med barn, ungdom, foreldre og samarbeidspartnar
  • Evne til å lytta og gje konstruktiv rettleiing
  • Arbeida målretta og sjølvstendig
  • Kunna tåla motstand og press
  • Vera kreativ og fleksibel
  • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med menneskar i vanskelege livssituasjonar

Me tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling i eit krevjande arbeidsområde
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksitid
  • Pensjon i KLP

Andre krav

  • Politiattest og førarkort

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du
ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt
offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder,
kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-06-81 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: TIME KOMMUNE BARNEVERNSTENESTE

job_industry: [Sosial-, omsorgs- og fritidsarbeid, Helse- og pleiearbeid, Leger, psykologer og terapeuter]

job_function: Familierådgiver

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere