Ledige stillinger

Sjukepleiar for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sjukepleiar

Me søkjer

  • offentleg godkjent sjukepleiar.
  • du som vil trivas med varierte arbeidsoppgåver, og som har evne til å arbeida effektivt
  • du som er oppteken av fagleg utvilkling, brukars medverknad og høg kvalitet på tenesta me gjer brukarane
  • du som saman med leiar vil vera med å ha eit ansvar for opplæring av tilsette i bufellesskapet.

Me tilbyr


100 % fast stilling i heimetenesta vest, med særskild ansvar for bebuarane i bufellesskap for eldre på Sivdamsenteret. Heimetenesta gjer tenester til heimebuande brukarar og til brukarar i bukollektivet. Bukollektivet har 15 bebuarer fordelt på to avdelingar.

Om arbeidsplassen


I heimetenesta er me opptekne av fagleg utvikling og høg kvalitet på tenestane til brukarane våre. Me arbeider for at bukollektivet skal vere ein god plass å bu for den einskilde bebuar. Brukermedverknad og mogelegheit for ein aktiv kvardag er sentralt. Me arbeider systematisk med HMS, kor alle tilsette skal vere involvert.

Kvalifikasjonar


Offentleg godkjenning som sjukepleiar
Førarkort klasse B
Du må meistra norsk språk munnleg og skriftleg.
Du må kunne nytta naudsynt IKT verkty.
Politiattest
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-06-97 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Sykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere