Ledige stillinger

Klubbarbeider for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Klubbarbeider

Ved avdeling fritid er det ledig deltidsstilling, 35%, som klubbarbeidar ved Møllekjellaren.
Arbeidet skjer på kveldstid, inkludert annan kvar fredag.

Om arbeidsplassen


Møllekjellaren er ein ungdomsklubb som ligg midt i Bryne, og har ope 4 kveldar i veka, tirsdag – fredag. I tillegg til open kafé har me temakveldar, kurs, turneringar, øvingslokaler, konsertar og liknande. Målgruppa er hovudsakleg ungdom i alderen 13 år og ut videregåande skule.

Me er på jakt etter ein vaksen person som

  • har utdanning innan barne- og ungdomsarbeiderfaget
  • har erfaring frå liknande arbeid
  • god teknisk innsikt og erfaring fra musikkbransjen er ønskjeleg

Eigenskapar
  • godt humør
  • lyst å vera med å skapa eit tilbod saman med ungdomane
  • stor interesse i å arbeida med ungdom
  • lyst å gjera ein forskjell for ungdomane på klubben og i nærmiljøet
  • gode samarbeidsevner
  • evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler

Andre krav


Det er krav om politiattest før ein tiltrer stillinga.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-07-1 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Sosial-, omsorgs- og fritidsarbeid, Fritid, Barnehage, og grunnskole]

job_function: Fritidsklubbassistent

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere