Ledige stillinger

Sjukepleiarar til heimetenesta for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sjukepleiarar til heimetenesta

Me søkjer

  • Dyktige og engasjerte sjukepleiarar til heimetenesta sone nord. 3 stk 75-100% stillingar.
  • Deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver og som har evne til å arbeida effektivt.
  • Deg som er oppteken av fagleg utvikling, brukars medverknad og høg kvalitet på tenestene me gjer brukarane.

Arbeidstida er dag, kveld og helg. Ein av stillingane har også nokre netter i turnus.

Om intern tilsetting kan det også bli ledig 50 % kveldsstilling.

Me tilbyr


eit godt arbeidsmiljø med utfordrande arbeidsoppgåver. Me har fokus på dokumentasjon, og den som vert tilsett må kunne nytta tilgjengelege IKT-verktøy. Du må vera fleksibel, positiv til endringar og bidra til at me beheld eit godt arbeidsmiljø. Me søkjer ein sjukepleiar med god innsikt, tryggleik og engasjement for sjukepleiarfaget. Du må kunne ta ting på sparket og meistra ei varierande arbeidsmengd.

Om arbeidsplassen


Heimetenesta nord held til på Kvernaland omsorgssenter. I naturskjønt landskap på Kvernaland har både heimetenesta og bufellesskapa sin base. Dagsenter for eldre er og lokalisert på Kvernaland omsorgssenter. Heimetenesta gjer nødvendig helsehjelp i heimane også for dei som bur i bufellesskapa her på omsorgssenteret. Me ynskjer fleksible tilsette med høg sjukepleiefagleg fokus.

Om arbeidsoppgåvene


Sjukepleiefagleg ansvar. Administrative, pedagogiske og terapeutiske sjukepleiaroppgåver, slik at pasientane får fagleg forsvarleg pleie og omsorg. Vaktene vil variera mellom å vera inne i bufellesskapa eller ute i heimesjukepleien. Tenesta som vert gitt i bufellesskapa er og definert som heimesjukepleie.

Kvalifikasjonar


Søkjar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
Søkjar må ha førerkort.
Må beherska norsk, skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagde
I mangel av nok kvalifiserte søkjarar kan andre med helsefagleg utdanning og relevant erfaring få tilbod om stillingane.

Andre krav


Det er krav om politiattest

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-07-24 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Sykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere