Ledige stillinger

Kyrkjelydsutviklar/dagleg leiar for TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

Erlandsbakken 6
4340 BRYNE

Time kyrkjelege fellesråd utgjer Bryne, Time og Undheim sokn. Det bur om lag 18.600 innbyggjarar i Time kommune med Bryne som administrasjonssenter. Felles kyrkjekontor ligg på Bryne, som er skule- og handelssenter på Jæren. Staben ved Time kyrkjekontor utgjer om lag 20 tilsette.

Kyrkjelydsutviklar/dagleg leiar

Org. nr: 976 993 616 Stillingsident: 4110914666 Presentasjon av stillingen:
Kyrkjelydsutviklar/dagleg leiar i Brynekyrkja
100% fast stilling

Ønskjer du å vera med å leia ein kyrkjelyd i vekst og utvikling? Er du nytenkjande og ønskjer ei allsidig og utfordrande stilling i Den norske kyrkja?

Vi er på leit etter deg som er ein tydeleg leiar med god gründerånd, som trivs med mange ballar i lufta. Du må handtera både administrativt arbeid og trivast godt saman med store og små i kyrkjelyden. Du må lika å tenkja nytt om korleis vera kyrkje og ha evne til å utrusta og engasjera andre. Time kyrkjelege fellesråd søkjer etter ein nytenkjande, strukturert og engasjert person som saman med stab og sokneråd kan vera med å arbeida for at Brynekyrkja skal vera <<den opne famns kyrkje – ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald og tydeleg i si retning.>>

Arbeids- og ansvarsområde

  • Fokus på nytenking og innovasjon for å vidareutvikla Brynekyrkja som kyrkjelyd
  • Leia og vidareutvikla gudstenestearbeidet Familiefokus i Brynekyrkja
  • Personal- og økonomiansvar
  • Plan- og strategiarbeid for Brynekyrkja
  • Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar
  • Informasjonsarbeid og ansvarleg redaktør for nettside og sosiale medier i Brynekyrkja
  • Saman med leiarteamet (kyrkjelydsutviklar/dagleg leiar, administrasjonssekretær og sokneprest) ansvar for førebuing av saker for soknerådet og oppfølging av vedtak
  • Saman med leiarteam koordinera og organisera den daglege aktiviteten i Bryne kyrkje og sørgja for at verksemda i soknet er hensiktsmessig organisert
  • Brannansvarleg og ansvar for tilsyn og vedlikehaldsbehov av Bryne kyrkje

Ønskjeleg erfaring og personlege eigenskapar


Vi ønskjer at du som søkjer
  • har utdanning innan kyrkjeleg arbeid, personalleiing, administrative fag, eller anna relevant utdanning/erfaring. Erfaring kan kompensera for utdanning
  • har erfaring med kyrkjelydsutvikling og gudstenestearbeid
  • har erfaring innan personalansvar og økonomistyring
  • har erfaring med sosiale medier og informasjonsarbeid
  • har evne til å engasjera og utrusta andre
  • er initiativrik, fleksibel og løysingsorientert
  • er strukturert med evne til å planleggja langsiktig
  • kan arbeida sjølvstendig og i team
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.

Vi tilbyr



  • Ei allsidig og utfordrande leiarstilling i ein kyrkjelyd i vekst og utvikling


  • Triveleg stabsfellesskap på Time kyrkjekontor


  • Lønn etter avtale og i samsvar med KA sin hovudtariffavtale


  • Pensjonsordning i KLP


  • Den som blir tilsett, må vera medlem av Den norske kyrkja.

Kontaktinformasjon


Gunnar Bjorland Stone, Kyrkjeverge, 962 32 582
Bjørn Inge Hauge, dagleg leiar i Brynekyrkja, 481 27 481.

Arbeidssted


Erlandsbakken 6
4340 Bryne

Søk på stillingen:Klikk her

Nøkkelinformasjon:


Arbeidsgiver:Time kyrkjelege fellesråd

Referansenr.:4110914666
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 31.08.2019 PAM

Stillingsnummer: 1120-2019-07-37 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

employer: TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

job_industry: [Ledelse, administrasjon og rådgivning, Organisasjonsarbeid og politikk]

job_function: Leder (humanitære- og andre interesseorganisasjoner)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere