Ledige stillinger

Vil du bli vår nye saksbehandlar – byggesak 19/1557 for Klepp kommune

Klepp kommune

Solavegen 1
4352 KLEPPE


Telefon: 90533077




E-post:

malfrid.hannisdal.teigen@klepp.kommune.no



Web:

https://kommune24-7.no/1120/bruker?retur=%2f1120%2f703101&shortname=703101


Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av eit bølgjande jordbrukslandskap, mildt kystklima, grunne innsjøar og lange sandstrender. Tinghaug er høgste staden i bygda og ligg 102 m.o.h. Kommunen har eit flatemål på 115 km2. Av dette er 77 km2 jordbruksareal. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st, Tu, Pollestad og Voll. Kommunikasjonsnettet i kommunen er godt utbygd. Stavanger Lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa. Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.

Vil du bli vår nye saksbehandlar – byggesak 19/1557

Tenesteområdet Samfunn og kultur består av 4 verksemder, eigedom, plan- og forvaltning, kommunalteknikk og kultur. Tenesteområdet har 135 årsverk og eit driftsbudsjett på 230 mill.

Plan- og forvaltning i Klepp kommune har avdelingane byggesak, geodata, plan og landbruk. Byggesaksavdelinga har 5 årsverk. Plan og landbruk har 15 årsverk.

Vi søkjer ein saksbehandlar i fast 100 % stilling til byggesaksavdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • behandling av alle typar byggesøknader
  • veiledning av tiltakshavarar
  • tilsyn og ulovlighetsoppfølging
  • matrikkelføring av byggesaker
  • andre relevante oppgåver kan vera aktuelt: senksjonering, deling og andre oppgåver innan oppmåling og karttenestar

Vi tilbyr
  • godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • fagleg utfordrande, varierte og utviklande arbeidsoppgåver
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • lønn etter avtale
  • felksibel arbeidstid

Krav til kompetanse
  • høgskuleutdanning innanfor byggfag, arkitektur, jus eller byggesaksskulen
  • interesse for og erfaring med bruk av ulike dataverktøy
  • gode norskkunnskapar både skriftleg og muntleg

Ønsket kompetanse
  • relevant erfaring frå offentleg eller privat verksemd
  • ved tilsetting vil personlege eigeskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt, og det er ønskeleg at søkjar utfyller kompetansen som allereie finst i avdelinga

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-08-16 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Selvregistrert av arbeidsgiver

employer: Klepp kommune

job_industry: [Kontor, forvaltning og saksbehandling]

job_function: Saksbehandler (offentlig administrasjon)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere