Ledige stillinger

Fagutviklingsvernepleiar i butiltak for psykisk utviklingshemma for KLEPP KOMMUNE FRIVILLIGHETSSENTRAL

KLEPP KOMMUNE FRIVILLIGHETSSENTRAL

Fredtunvegen
4352 KLEPPE


Telefon: +47 948 17 598





Web:

https://kommune24-7.no/1120/bruker?retur=/1120/703101&shortname=703101


Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbruk, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Me har omlag 20 000 innbyggjarar og eit rikt organisasjons- og kulturliv.
Verksemda miljøtenesta består av 5 avdelingar som gir tenester til menneske med ulike funksjonshemmingar, utviklingshemming, autisme og samansette utfordringar. I tillegg har verksemda ansvar for dagtilbod og avlastingstilbod til barn.
Formålet med arbeidet vårt er å ivareta den einskilde bebuars behov, samtidig som me ynskjer å berike livet deira. Me fylgjer dei i kvardagen og sørgjer for at dagane deira er tillrettelagde både i forhold til arbeid og fritidsaktivitetar, i og utafor bustaden.
Fredtunvegen er ei avdeling i miljøtenesta med 7 brukarar som bur i eigne bustader.

Fagutviklingsvernepleiar i butiltak for psykisk utviklingshemma

Oppgåver til fagutviklingsvernepleiar

  • bidra til fagutvikling i avdelinga og fagleg utvikling av den einskilde medarbeidar
  • rettleie og informera medarbeidarar, nytilsette, vikarar og lærlingar når det gjeld arbeidsoppgåver og utføring av desse
  • direkte bebuarretta arbeid
  • ansvar for vedtak etter helse- og omsorgstenestelova §9 og pasientrettighetslova § 4
  • jobbe kunnskapsbasert
  • medansvar for dokumentasjon etter forskriftene
  • samarbeide tett med avdelingsleiar for å oppnå ei effektiv og forsvarleg drift
  • stedfortredar for leiar
  • kvalitetssikre rutinar innan legemiddelhandtering
  • bidra til å skape eit godt miljø og trivsel for alle medarbeidarane
  • samarbeide med andre fagnettverk i kommunen

Krav til kompetanse
  • vernepleiar
  • fleire års erfaring som vernepleiar

Ønska kompetanse
  • relevant vidareutdanning innan aktuelle fagområde
  • evne til å kunne veileda andre
  • sertifikat for bil klasse B

Fagutviklingsvernepleiar får kr 25 000 pr år i tillegg til ordinær årslønn

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-08-33 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Finn

employer: KLEPP KOMMUNE FRIVILLIGHETSSENTRAL

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Fagutviklingssykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere