Ledige stillinger

Helsesjukepleiar for Time kommune, Helsestasjons- og skulehelsetenesta

Time kommune, Helsestasjons- og skulehelsetenesta

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Helsesjukepleiar

Me søkjer


Me søkjer helsesjukepleiar i 100% stilling til avdeling Helsestasjons – og skulehelstenesta i Time kommune. Stillingen er oppretta i tilknytning til eit tverrfagleg prosjekt som har tittelen «Laget rundt læraren og eleven». Målet med prosjektet er å finna, og testa ut tiltak som bidreg til at elever i Timeskulen opplever tilhørigheit, fagleg meistring og god psykisk helse. Overordna mål er at fleire ungdommar skal fullføra videregående opplæring.

Om arbeidsplassen


Me kan tilby et godt arbeidsmiljø der tilsette har som leveregel at me skal gjera kvarandre gode. Me har fokus på å:
  • Yta service
  • Gje og ta imot tilbakemeldingar
  • Dela kunnskap og ferdigheiter
  • Heia fram gode ideer
    Me har ein helsestasjon- og skulehelseteneste som er i utvikling. Tilsette er løysingsfokuserte og engasjerte!

Om arbeidsoppgåvene


Helseteneste til elevar i barneskule
Stillinga skal vera med på å bidra til at mål i prosjektet vert innfridd.
Delmål i prosjektet er å jobba på systemnivå ute på skulane.
Samskaping i teamet mellom ulike profesjonar på den enkelte skule samt bidra med kompetanse inn i lærargruppa

Kvalifikasjonar


Godkjent helsesjukepleiarutdanning
Andre kvalifikasjonear:
  • Kunna arbeida sjølvstendig, men også vera fleksibel og god på samarbeid
  • Relevant praksis frå helsestasjons – og skulehelsetenesta er ønskjeleg
  • Ha grunnleggjande datakunnskap
  • Ha førarkort og disponere egen bil

Andre krav


Det er krav om politiattest

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-08-53 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

employer: Time kommune, Helsestasjons- og skulehelsetenesta

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Helsesøster

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere