Ledige stillinger

Saksbehandlar barnevern for TIME KOMMUNE BARNEVERNSTENESTE

TIME KOMMUNE BARNEVERNSTENESTE

ARNE GARBORGS VEG 38
4340 BRYNE


Telefon: +47 51 77 60 27





Web:

https://rekruttering.time.kommune.no/recruitment/opening?1


«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Saksbehandlar barnevern

Me søkjer

saksbehandlar i 100% fast stilling som saksbehandlar i barnevernstenesta i
avdeling mottak – undersøkelse og oppfølgingsteam

Om arbeidsplassen

Time kommune har dei tre tenesteområda Samfunn, Omsorg og Oppvekst.
Barneverntenesta i Time er plassert i Oppvekst, saman med barnehagar,
skular, helsestasjon og PPT.

Barneverntenesta er delt inn i tre avdelingar, mottak- undersøkelse- og
oppfølgingsavdeling, Interkommunal tiltaksavdeling og omsorgsavdeling.

Om arbeidsoppgåvene



  • Saksbehandlling etter lov om barnevernstenester


  • Vera barneverntenesta sitt første møte med familiane


  • Kartleggja barnet sin omsorgssituasjon innan fristen på tre månader


  • Vurdera behov for – og iverksetja nødvendige hjelpetiltak


  • Delta i tverrfaglege samarbeidsfora


  • Vera barneverntenesta sin partsrepresentant i ulike rettsinstansar


  • Ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne


  • Kunne handtera og ivareta menneske i krise

Kvalifikasjonar

Minimum bachelor som barnevernspedagog eller sosionom.

Personlege eigenskapar


  • Respekt for alle som ein kjem i kontakt med gjennom arbeidet


  • Arbeida målretta og sjølvstendig


  • Vera reflektert i møte med barn, pårørande og samarbeidspartar


  • Identifisera behov og tilby rett tiltak


  • Evne til å lytta og gi konstruktiv rettleiing


  • Kunna observera og rapportera det ein observerer


  • Vera kreativ og fleksibel


  • Kunna samarbeida med andre instanser


  • Kunna tåla motstand og press


  • Det vert lagt vekt på erfaring frå arbeid med menneske i vanskelege
    livssituasjonar

Andre krav

Politiattest og førarkort.

Me tilbyr


  • Ei spennande og utfordrande stilling i eit krevjande arbeidsområde


  • Engasjerte og dyktige kollegaer


  • Godt arbeidsmiljø


  • Fleksitid


  • Pensjon i KLP

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved
attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via
servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om
ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte
til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell
orientering og kjønnsidentitet.

Kontaktperson

Reidun Hjelmervik, Fagleiar, tlf: 51776027, mobil: 48052403,
reidun.hjelmervik@time.kommune.no

Ann Kristin Pollestad Randa, Barnevernkonsulent, tlf: 51776326, mobil: 99128889,
ann.kristin.pollestad.randa@time.kommune.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-09-33 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Finn

employer: TIME KOMMUNE BARNEVERNSTENESTE

job_industry: [Sosial-, omsorgs- og fritidsarbeid]

job_function: Barnevernspedagog

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere