Ledige stillinger

50% og 70% helsefagarbeidarstillingar til Bryneheimen og helgestillingar på rehabiliteringsavdelinga for Sivdamheimen

Sivdamheimen

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

50% og 70% helsefagarbeidarstillingar til Bryneheimen og helgestillingar på rehabiliteringsavdelinga

Me søkjer


Er du ein initiativrik og engasjert person med pågangsmot, som liker nye utfordringar? Likar du å tenke nytt og kreativt? Då oppmodar me deg til å søkja stilling på Bryneheimen. Me har ledig 50 % helsefagarbeidarstilling med arbeidshelg annakvar veke frå dags dato. Stillinga er dag/kveld. Det er og ledig 70 % stilling med arbeid tredje kvar helg.

Rehabiliteringsavdelinga på Sivdamheimen har ledige helgestillingar. Spesielt sjukepleiar eller vernepleiarstudentar oppmodast til å søkja desse stillingane.

Om arbeidsoppgåvene

  • helsefaglege oppgåver
  • dokumentasjon
  • tverrfagleg samarbeid
  • samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar

  • autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • det er nødvendig at du har gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
  • du må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst
  • er fleksibel og strukturert
  • gjennomgått kurs i medisinhandtering er ein fordel
  • har god fagleg innsikt og tryggheit
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Me tilbyr

  • ein spanande arbeidsplass
  • samarbeid, kompetanse og kvalitet
  • godt arbeidsmiljø med fokus på det sosiale
  • bedriftsidrettslag og bedriftskunstforeining

Andre krav


Søkjarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha fått bestått på Bergenstesten, eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggjas intervjuet. Det vert også krevd politiattest ved tilsetjing.

Då det er utlyst fleire stillingar samtidig er det viktig at du presiserer kva stilling du primært er interessert i.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-09-6 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Sivdamheimen

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Helsefagarbeider

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere