Ledige stillinger

Psykolog familiesenter for Time kommune

Time kommune

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Psykolog familiesenter

Me søkjer psykolog til familiesenter


Familiesenteret er eit lavterskel tilbod innan psykisk helse for barn og unge. Senteret er knytt til helsestasjons – og skulehelsetenesta. Som psykolog vil du vera ein del av eit tverrfagleg team. Våre hovedtenester er familiesamtalar, foreldrerettleiing og samtalar med barn og unge i alder 0-18 år. Me har også ulike gruppetilbod. Det er fokus på samarbeid og samhandling med andre kommunale- og interkommunale tenester.

Me tilbyr


Eit engasjert fagmiljø. Det vil vera mogelegheit for psykologfagleg støtte og samarbeid med kommunepsykolog.

Kvalifikasjonar


Embetseksamen er eit krav. Er og ønskjeleg med relevant praksis, ved behov kan ein opna opp for anna relevant erfaring.
det vil verta lagt vekt på personelege eigenskaper og kvaliteter.

Løn etter avtale

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du
ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt
offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder,
kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-10-20 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: Time kommune

job_industry: [Leger, psykologer og terapeuter, Forskningsarbeid]

job_function: Psykolog

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere