Ledige stillinger

VASSOMRÅDEKOORDINATOR — JÆREN VASSOMRÅDE for Klepp kommune

Klepp kommune

4352 KLEPPE


Telefon: +47 957 56 276





Web:

https://kommune24-7.no/1120/bruker?retur=/1120/703101&shortname=703101#


Tenesteområdet samfunn og kultur består av 4 verksemder, eigedom, plan- og forvaltning, kommunalteknikk og kultur. Tenesteområdet har 135 årsverk og eit driftsbudsjett på 230 mill.

Plan- og forvaltning i Klepp kommune har avdelingane byggesak, geodata, plan og landbruk. Plan og forvaltning har 15 årsverk. Vassområdekoordinatoren er ein del av plan og forvaltning med kontorplass i Klepp.
Jæren vassområde består av 9 kommunar og stillinga er knytt til arbeid for alle desse kommunane. Vassområde er organisert med eit vassområdeutval som har ei styringsgruppe med politiske representantar og ei fagleg arbeidsgruppe med administrative representantar. Målsettingane til vassområdeutvalet er å samordne det faglege arbeidet i vassområdet og arbeide aktivt for å fremme vassområdet og kommunane sine behov. Arbeidet vil skje i samråd med Rogaland fylkeskommune, som er regional vassforvaltningsmyndigheit, og relevante sektormyndigheiter.

VASSOMRÅDEKOORDINATOR — JÆREN VASSOMRÅDE

Arbeidsoppgåver omfattar mellom anna

  • Samordna arbeidet i vassområdet. Det inneber m.a. koordinering av møteverksemd, økonomistyring og informasjonsformidling.
  • Bidra til informasjonsflyt mellom regionalt og lokalt nivå
  • Følgje opp fellesprosjekt i vassområde, f. eks. felles overvakingsprogram for kommunane
  • Sørge for medverknad frå allmenne interesser på lokalt nivå
  • Oppdatere tiltaksstatus i tiltaksmodulen i vann-nett for kommunane
  • Rapportere status for oppfølging av tiltaksprogram og rapportering til eige vassområdeutval, regional vassområdemyndigheit og til vassregionutvalet
  • Sørge for oppdatering og utvikling av tiltaksanalyser

Vi tilbyr
  • godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • faglig utfordrande, varierte og utviklande arbeidsoppgåver
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • lønn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid.

Krav til kompetanse
  • Høgskuleutdanning på minimum bachelornivå fortrinnsvis innanfor natur- og miljøfag
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt.

Kontaktperson: Målfrid Hannisdal Teigen

Tittel: plan- og forvaltningssjef

Telefon: 90533077

Kontaktperson: Svein Oftedal

Tittel: Plan- og miljøvernrådgiver

Telefon: 95756276

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-11-10 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Finn

employer: Klepp kommune

job_industry: [Kontor, forvaltning og saksbehandling, Miljøvern]

job_function: Miljøvernkonsulent

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere