Ledige stillinger

Ledige stillingar ved Foren burettslag og Kvernaland barne- og avlastningsbustad for TIME KOMMUNE KVERNALAND BUFELLESSKAP

TIME KOMMUNE KVERNALAND BUFELLESSKAP

4355 KVERNALAND

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Ledige stillingar ved Foren burettslag og Kvernaland barne- og avlastningsbustad

Me søkjer


Ved Foren burettslag på Kvernaland og Kvernaland barne- og avlastningsbustad har me fleire ledige faste stillingar for vernepleiarar, miljøterapeutar og anna miljøpersonale.

Foren burettslag


Me søkjar hovudsakleg etter vernepleiarar, men sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom eller ergoterapeut kan også søkje.

100 % stilling dag/aften med arbeid kvar 4. helg, langvakter.
70 % stilling dag/aften med arbeid kvar 4. helg , langvakter.

Det er også ledig eit års vikariat i 100 % stilling.

Kvernaland barne- og avlastningsbustad


Me søkjar hovudsakleg etter vernepleiar, men sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom eller ergoterapeut kan også søkje.

100 % stilling dag/aften med arbeid kvar 4. helg , langvaktar.
75 – 100 % stilling aften med arbeid kvar 4. helg, langvaktar.

Helsefagarbeidarar:

75 – 100 % stilling aften med langvakter kvar 4. helg
55- 65 % stillingar (2 stk) våken natt med arbeid kvar 4. helg.

Om arbeidsplassen


I miljøtenesta jobbar me aktivt for å gi brukarane best muleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte, med
fokus på sjølvbestemmelse og fellesskap i samarbeid med pårørande.
Me jobbar for å halde eit høgt fagleg nivå og har brukaranes beste i fokus.
Eit positivt arbeidsmiljø med respekt for kvarandre er viktig. Me skal gjera kvarandre gode og er opptatt av at alle skal
trives på jobb. Slik gjer me også ein betre jobb for brukarane våre.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og bruker medverknad.

Foren burettslag


på Kvernaland er ein del av miljøtenesta i Time kommune og består av 7 leilegheiter for unge personar med ulike hjelpebehov tilknytte ein personalbase. Bustaden hadde oppstart i februar 2018, og har heildøgnsteneste. Me ønskjer høg trivsel for bebuarane og personalet. Eit burettslag der bebuarane får ein aktiv og meiningsfull kvardag gjennom eigen meistring med fokus på brukarmedverknad.

Kverneland barne- og avlastningsbustad


er ein del av miljøtenesta i kommunen og tilbyr avlastningsopphald for barn og ungdom. Me har og ein nyoppretta barnebustad, og eit tilrettelagt aktivitetstilbod for ungdom etter skuletid.
På Kvernaland barne- og avlastningsbustad planlegg me opphaldet i samarbeid med foreldra. Brukaren får eit opphald som gir tryggleik, trivsel og læring i ein strukturert dag.
I miljøtenesta jobbar me aktivt for å gi brukarane best muleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte, med fokus på sjølvbestemmelse og fellesskap i samarbeid med pårørande.
Me jobbar for å halde eit høgt fagleg nivå og har brukaranes beste i fokus.
Eit positivt arbeidsmiljø med respekt for kvarandre er viktig. Me skal gjera kvarandre gode og er opptatt av at alle skal trives på jobb. Slik gjer me også ein betre jobb for brukarane våre.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og bruker medverknad.

Me tilbyr

  • Me kan tilby ein spennande jobb med moglegheit til eiga utvikling.
  • Fagleg og aktivt arbeidsmiljø.
  • Relevante interne og eksterne kurs

Om arbeidsoppgåvene

  • Målretta miljøarbeid med individuell oppfølging som er tilpassa den enkelte brukar sine behov, ressursar og mål
  • Gje nødvendig helsehjelp, praktisk bistand og opplæring i dagleglivets gjeremål
  • Planlegging og tilrettelegging av tenestetilbodet
  • Bidra til fagleg utvikling av tenesta
  • Opplæring, undervisning, veiledning og tverrfagleg samarbeid
  • Legemiddelhåndtering
  • Dokumentasjon
  • Primær- og sekundærkontaktoppgåver
  • Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Ansatte forventas å delta på kurs og e-læringsprogram som er relevant for arbeidet
  • Ulike funksjonsoppgåver vil bli tillagt den enkelte ansatte
  • Følgje brukarar i basseng

Kvalifikasjonar

  • Evne til å arbeida systematisk, målretta og resultatorientert for å oppnå sjølvstende og meistring hos brukar
  • Fagleg engasjement med evne til å tenkja nyskapande
  • Respekt for den enkelte brukar
  • Løysningsfokusert, ansvarsbevisst og fleksibel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • God datakunnskap og teknisk innsikt
  • Ein må trivas i eit aktivt og kreativt arbeidsmiljø
  • Det vert lagt vekt på at du er personleg eigna til stillinga

Andre krav

  • Erfaring frå arbeid rundt HOTL kapittel 9 er ønskeleg
  • Det er ønskeleg med relevant arbeidserfaring
  • Det er krav om politiattest i stillinga
  • Ein må beherska norsk, skriftleg og munnleg, minimumskrav B2-test eller Bergenstesten
  • Førarkort klasse B for manuelle gir

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-11-31 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl

employer: TIME KOMMUNE KVERNALAND BUFELLESSKAP

job_industry: [Sosial-, omsorgs- og fritidsarbeid, Kontor, forvaltning og saksbehandling]

job_function: Sosionom

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere