Ledige stillinger

Koordinator for vassområde 19/2110 for Etat for lokal utvikling, Klepp kommune

Etat for lokal utvikling, Klepp kommune

Solavegen 1
4352 KLEPPE


Telefon: 90533077




E-post:

malfrid.hannisdal.teigen@klepp.kommune.no



Web:

https://kommune24-7.no/1120/bruker?retur=%2f1120%2f703101&shortname=703101


Tenesteområdet samfunn og kultur består av 4 verksemder, eigedom, plan- og forvaltning, kommunalteknikk og kultur. Tenesteområdet har 135 årsverk og eit driftsbudsjett på 230 mill. Plan- og forvaltning i Klepp kommune har avdelingane byggesak, geodata, plan og landbruk. Plan og forvaltning har 15 årsverk.

Vassområdekoordinatoren er ein del av plan og forvaltning med kontorplass i Klepp. Jæren vassområde består av 9 kommunar og stillinga er knytt til arbeid for alle desse kommunane. Vassområde er organisert med eit vassområdeutval som har ei styringsgruppe med politiske representantar og ei fagleg arbeidsgruppe med administrative representantar. Målsettingane til vassområdeutvalet er å samordne det faglege arbeidet i vassområdet og arbeide aktivt for å fremme vassområdet og kommunane sine behov. Arbeidet vil skje i samråd med Rogaland fylkeskommune, som er regional vassforvaltningsmyndigheit, og relevante sektormyndigheiter.

Koordinator for vassområde 19/2110

Me søkjer ein vassområdekoordinator i 100 % fast stilling.

Arbeidsoppgåver omfattar mellom anna:

  • Samordna arbeidet i vassområdet. Det inneber m.a. koordinering av møteverksemd, økonomistyring og informasjonsformidling.
  • Bidra til informasjonsflyt mellom regionalt og lokalt nivå
  • Følgje opp fellesprosjekt i vassområde, f. eks. felles overvakingsprogram for kommunane
  • Sørge for medverknad frå allmenne interesser på lokalt nivå
  • Oppdatere tiltaksstatus i tiltaksmodulen i vann-nett for kommunane
  • Rapportere status for oppfølging av tiltaksprogram og rapportering til eige vassområdeutval, regional vassområdemyndigheit og til vassregionutvalet
  • Sørge for oppdatering og utvikling av tiltaksanalyser

Vi tilbyr
  • godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • faglig utfordrande, varierte og utviklande arbeidsoppgåver
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • lønn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid

Krav til kompetanse
  • Høgskuleutdanning på minimum bachelornivå fortrinnsvis innanfor natur- og miljøfag
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt.

For meir informasjon, ta kontakt med plan- og forfaltningssjef Målfrid Hannisdal Teigen på telefon 90533077 eller plan- og miljøvernrådgiver Svein Oftedal på telefon 95756276

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1120-2019-11-7 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

employer: Etat for lokal utvikling, Klepp kommune

job_industry: [Kontor, forvaltning og saksbehandling, Miljøvern]

job_function: Miljøvernkonsulent

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere