Ledige stillinger

Prosjektleiar for «Ung i Time» 100% stilling, 2.gong utlysing for Time kyrkjelege fellesråd

Time kyrkjelege fellesråd

Erlandsbakken 6
4340 BRYNE

Time kyrkjelege fellesråd utgjer Bryne, Time og Undheim sokn.  Det bur om lag 18.600 innbyggjarar i Time kommune  med Bryne som administrasjonssenter.  Felles kyrkjekontor ligg på  Bryne, som er skule- og handelssenter på Jæren.  Staben ved Time kyrkjekontor utgjer  om lag 20 tilsette.

Prosjektleiar for «Ung i Time» 100% stilling, 2.gong utlysing

Ønskjer du ei utfordrande og nytenkjande stilling i Den norske kyrkja? Likar du å tenkja nytt? Likar du å arbeida med nye prosjekt? Ønskjer du å driva ungdomsarbeid på Jæren?

Kanskje er du den vi leitar etter og vil ha med på laget.

Bryne, Undheim og Time kyrkjelydar har gått saman om prosjektet «Ung i Time» og søkjer prosjektleiar/ungdomsprest i 100 % stilling. Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å arbeida med kyrkjelydsutvikling blant ungdom i Den norske kyrkja.

Prosjektet «Ung i Time» har som mål å etablera og utvikla eit kyrkjeleg tilbod for ungdom i kyrkjene i Time, Undheim og Bryne. Vi er på leit etter deg som ønskjer å driva relasjonsbygging med målgruppa, frivillige og tilsette medarbeidarar i kyrkjelydane. Vi er på leit etter ein leiar med god gründerånd. Ein som kan samordna og styrkja arbeidet vi nå driv, og samstundes tenkja nytt om korleis driva ungdomsarbeid i Den norske kyrkja i og på tvers av kyrkjelydane.

Prosjektleiar vil bli tilsett mellombels for tre år, med høve til forlenging. Prosjektleiar vil vera ein del av Brynestab, og dagleg leiar i Bryne har personalansvaret. Ei styringsgruppe med ein representant frå kvar kyrkjelyd leiar prosjektet.

Arbeidsoppgaver

  • prosjektleiar for «Ung i Time»
  • byggja eit kyrkjeleg tilbod med og for ungdom
  • leiartrening og medvandring
  • starta felles ungdomsgudstenester
  • forkynning og undervisning
  • delta i konfirmantarbeidet
  • rekruttering og oppfølging av frivillige
  • oppfølging av eittåringar i kyrkjelydane
  • andre oppgåver i kyrkjelydane etter avtale og ønskje

Personlige Egenskaper

  • glad i ungdom – glad i Jesus
  • engasjert og initiativrik
  • fleksibel og løysningsorientert
  • inspirator som kan følgja opp unge og vaksne medarbeidarar i kyrkjelydane
  • strukturert med evne til å planlegga langsiktig
  • kunna arbeida sjølvstendig og i team
  • det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • lønn etter avtale
  • triveleg stabsfellesskap på Time kyrkjekontor
  • medlemskap i KLP

    Utdanningsnivå

  • Kyrkjeleg utdanning, gjerne som prest eller kateket
  • Det er ønskeleg at søkjar har utdanning i samsvar med tenesteordning for prest eller kateket, anna relevant utdanning/erfaring blir vurdert
  • Den som blir tilsett, må vera medlem av Den norske kyrkja. Opplysningar om samlivsform vil kunna bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing, jamfør Arbeidsmiljølova § 13.3. Studentar under utdanning har høve til å søkja. Tidspunkt for oppstart etter avtale.

Kontaktinformasjon

Gunnar Bjorland Stone, Kyrkjeverje, 962 32 582
Bjørn Inge Hauge, Dagleg leiar/Kyrkjelydsutviklar i Brynekyrkja, 481 27 481

Arbeidssted

Erlandsbakken 6
4349 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Annonsør:Time kyrkjelege fellesråd

Ref. nr.:3936355631
Stillingsbrøk: 100%
Heltid
Antall stillinger: 1
Søknadsfrist: 01.01.2019

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3936355631&company_id=2628432847&culture_id=NB-NO

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

*Den norske kirke

Stillingsnummer: 1121-2018-09-42 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra arbeidsgiver

employer: Time kyrkjelege fellesråd

job_industry: [Religiøst arbeid]

job_function: Prest

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere