Ledige stillinger

1 vikariat i norsk, samfunnsfag og historie for Bryne vidaregåande skule

Bryne vidaregåande skule

4344 BRYNE

Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 3500 ansatte. Vil du være med å utvikle Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?

Sammen utvikler vi ett godt Rogaland!

1 vikariat i norsk, samfunnsfag og historie

Bryne vidaregåande er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 1600 elevar og om lag 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant- og matfag, service og samferdsel, studiespesialiserande, teknikk og industriell produksjon og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis og fagfornying, med fokus på djupnelæring og satsingsområda i ny Overordna del.   
 
Skulen tilbyr:   
Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg. Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring. Bryne er ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar.   
 
Vikariat i faga norsk, samfunnsfag og historie 
Bryne vidaregåande skule har i perioden frå 25.03.2018 til 31.07.2019 ledig inntil 100% vikariat med undervisning i norsk og historie på yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Stillinga er hovudsakleg knytt til undervisning i norskfaget. Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i faga samt praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).  
 
Me ser for oss ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som samarbeider godt med kollegaer.  
 
Kontaktperson: avdelingsleiar Ole Martin Hillesund tlf. 92484071,  
e-post: ole.martin.hillesund 
 
 

Stillingsnummer: 1121-2018-11-32 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra arbeidsgiver

employer: Bryne vidaregåande skule

job_industry: [Videregående skole]

job_function: Lærer (videregående skole)

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere