Ledige stillinger

Ungdomsarbeidar 30 % fast stilling for TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD



Telefon: 90569189





Web:

https://www.lyeforsamlingshus.no


Lyefjell er ein tettstad like utanfor Bryne, 30 km sør for Stavanger. Lye forsamlingshus er eigd av Time sokneråd og fem ulike misjonsorganisasjonar. Vår visjon er: <<Vi ønskjer at alle på Lye må bli betre kjent med Jesus Kristus.>> Denne visjonen gir retning for ungdomsarbeidet.

Ungdomsarbeidar 30 % fast stilling

Likar du å jobba med ungdom? Ønskjer du å gje dei eit møte med Jesus og ein plass i fellesskapet?

Kanskje er du den Lye forsamlingsstyre, i samarbeid med Time sokneråd, leiter etter.

Du får vera med å skapa treffstadar for ungdom på Lye forsamlingshus.

Arbeidsoppgåver:

  • Starta opp nytt helgearbeid for ungdom på Lye forsamlingshus
  • Leggja til rette for undervisning, lovsong og bøn mellom dei unge
  • Samarbeida tett med prosjekt <>
  • Samarbeida med anna arbeid for ungdom i kommunen
  • Hjelpa ungdom å høyra til på Lye forsamlingshus, veksa i tru og finna si teneste
  • Skapa ein open veg inn i konfirmantarbeid og anna ungdomsarbeid
  • Rekruttere, utruste og vegleia frivillige medarbeidarar

Endeleg stillingbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som vert tilsett.

Arbeidet er i stor grad ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid.

Kvalifikasjonar:


Ønskjeleg med :
  • Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid
  • Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru
  • Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid

Søkjarar må vera medlem av Den norske kyrkja, og dela kyrkja si tru og vedkjenning.

Personlege eigenskapar
  • Kreativ og nytenkjande
  • Engasjert og initiativrik
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med ungdom
  • Strukturert med evne til å planlegga langsiktig

Evne til å jobba sjølvstendig og til å samarbeida med stab og frivillige

Vi tilbyr
  • Tilsetting i Time kyrkjelege fellesråd. Stillinga er finansiert gjennom gjevarteneste.
  • Godt og inspirerande arbeidsmiljø på Time kyrkjekontor
  • Utfordrande
    arbeidsoppgåver
    og engasjerte kollegaer
  • Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor Medlemskap i KLP
  • Fleksibel avspasering
  • Det daglege arbeidet blir leia av
    Lye forsamlingstyre/ Time sokneråd
  • Jamnlege vegleiingssamtalar

Anna
  • Tid for oppstart etter avtale
  • Den som blir tilsett må leggja fram tilfredstillande politiattest (barneomsorgsattest)
  • Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting, jmfr. Arbeidsmiljølova §13,3.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetting.


Spørsmål om stillinga kan rettast til leiar i Lye forsamlingsstyre, Liv Heidrun Heskestad, tlf. 90569189

Søknadsfrist: 16. desember 2018
Send søknad
med cv og
referansar til

Time kyrkjelege fellesråd Postboks 373, 4349 Bryne
Eller e-post: kyrkjekontoret@time-kyrkja.no

Stillingsnummer: 1121-2018-11-33 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Selvregistrert av arbeidsgiver

employer: TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

job_industry: [Religiøst arbeid]

job_function: Menighetsarbeider

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere