Ledige stillinger

Landets minste (men tøffaste!) høgskule søkjer den som skal administrera oss og halda oss i øyrene for HLB

HLB

Arne Garborgsveg 22
4340 BRYNE



E-post:

rektor@hlb.no



Web:

https://www.hlb.no


Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling ligg på Bryne i Rogaland. Høgskulen tilbyr Bachelorgrad i nyskaping og samfunnsutvikling, samt ei rekke enkeltkurs der fokus er berekraftig nyskaping og entreprenørverksemd knytt til natur- og/eller kulturressursar. Høgskulen har også ei omfattande satsing på forsking- og oppdragsverksemd innanfor same temafelt

Landets minste (men tøffaste!) høgskule søkjer den som skal administrera oss og halda oss i øyrene

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) er ein veldig liten organisasjon som er bygd på den gode bygdetradisjonen med mangesysleri. Den som blir tilsett i administrasjonen, vil såleis få ansvar for mange ulike arbeidsoppgåver. Så her blir ingen dagar like!

Her er døme på arbeidsoppgåver:


  • Kontakt med og oppfølging av studentar

  • Ansvar for studieadministrative system

  • Ansvar for oppfølging av kvalitetsarbeid knytt til studiane

  • Ansvar for interne møte og møte i dei ulike utvala ved høgskulen

  • Planlegging og gjennomføring av styremøte og årsmøte

  • Offentleg rapportering i forhold til årshjul

  • Sal og marknadsføring + innsamlingsarbeid

  • + alt det andre som eventuelt må gjerast


Stillinga er 50% og mellombels fram til og med 17.02.2020.
Spørsmål om forlenging og vidare form på stilinga vil bli avgjort i løpet av haust 2019

Stillingsnummer: 1121-2018-11-35 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Selvregistrert av arbeidsgiver

employer: HLB

job_industry: [Kontor, forvaltning og saksbehandling]

job_function: Administrasjonsmedarbeider

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere