Ledige stillinger

Me søkjer framtidsretta og dyktig avdelingsleiar til vår demensavdeling for TIME KOMMUNE SIVDAMSENTERET BUFELLES

TIME KOMMUNE SIVDAMSENTERET BUFELLES

4344 BRYNE

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Me søkjer framtidsretta og dyktig avdelingsleiar til vår demensavdeling

I kommunalområdet omsorg er det ledig fast stilling som avdelingsleiar for demensavdelinga på Sivdamheimen.

Me legg stor vekt på kompetanse, erfaring innan demensomsorgen og engasjement for denne brukargruppa.
Avdelingsleiar har ansvar for dagleg drift og oppfølging av medarbeidarar i verksemda.

Om arbeidsplassen


Verksemda for demensavdelinga er knytt til institusjonstenesta i Time kommune, som omfattar to institusjonar, Sivdamheimen og Bryneheimen.
Desse inneheld korttid- og rehabiliteringsavdeling, langtidsplasser og dagsenter for personar med demens.
Demensvdelinga har 21 langtidsplassar for personar. Avdelinga er knyttet tilsynslege og fagutviklar i 100 % stillingar. Avdelinga har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar som brenner for faget.
Stillinga inngår i leiargruppa til verksemdleiar for institusjon. Avdelingsleiar deltek også i rådmannen sitt leiarforum.

Om arbeidsoppgåvene

  • Fagleg ansvar for tenesteytinga
  • Økonomisk og administrativt ansvar
  • Ansvar for personaloppfølginga
  • Ansvar for rapportering til verksemdsleiar
  • Pådrivar til prosjekter og nytekning

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning på bachelornivå som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Leiarutdanning og/eller erfaring vil vera ein fordel
  • God kompetanse innan elektroniske fagsystem og økonomistyring
  • Evne til gjennomføring og motivera andre
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • God samhandling med pårørande og andre tverrfaglege samarbeidspartnarar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar

Me tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass som satsar på kompetanse, kvalitet, leiarutvikling, innovasjon, velferdsteknologi, heiltidskultur og brukarmedverknad
  • Nettverk og samarbeid med andre leiarar
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
  • Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforeining
  • Lønn etter avtale

Andre krav


Det er krav om politiattest for tilsetting i stillinga.

Elektronisk søknadsprosess


Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Se annonse

Stillingsnummer: 1121-2018-12-4 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

employer: TIME KOMMUNE SIVDAMSENTERET BUFELLES

job_industry: [Helse- og pleiearbeid]

job_function: Geriatrisykepleier

Bli med i Link Jæren

Hold deg oppdatert på det som skjer

og få oversikt over ledige stillinger på Jæren

Ja! Jeg vil være en del av Link Jæren:

Meld meg på nyhetsbrev
Følg Facebook-side
Meld meg inn i LinkedIn-gruppa
Partnere